Hopp til innhold

Havyard fekk båt-kontrakt

Havyard Leirvik har signert kontrakt for bygging av ein arbeidsbåt for reiarlaget Nordlaks, melder selskapet måndag.

Dette er den første kontrakta på to år, og den første kontrakta på eit nybygg sidan før 2000, forklarar administrerande direktør Tor Leif Mongstad til NRK.

– Vi leverte siste båten i november for to år sidan, så det er klart at dette er ei kjærkomen kontrakt for oss.

Bygningsarbeidet startar våren til neste år. I forkant skal selskapet ruste opp med fleire tilsette, forklarar Mongstad.

Verftet i Hyllestad langs Sognefjorden vart førre veke seld til tyrkiske Tersan Shipyard.

Havyard i Leirvik.
Foto: Oddmund Haugen / NRK