Hopp til innhold

Haukeland sjukehus innrømmer svikt i fleire ledd etter cellegift-dødsfall

– Det var både menneskeleg svikt og svikt i systema, seier direktøren i Helse Bergen.

Eivind Hansen i koronateltet som er satt opp utenfor akuttmottaket på Haukeland univerrsitetssykehus.

DIREKTØR: Eivind Hansen beklagar den fatal feilbehandlinga på kreftavdelinga førre veke. – Våre tankar er hjå dei pårørande

Foto: Øyvor Bakke / NRK

I førre veke fekk ein mann i 50-åra ein dose med cellegift som var ti gongar for høg. Han fekk injisert det meste av dosen før feilen vart oppdaga, og døydde måndag av skader på indre organ.

– Det viktigaste no er å beklage hendinga. Våre tankar er hjå dei pårørande. Og så er det viktig å ta oss av våre eigne tilsette, dei har ei krevjande tid. Det er viktig at vi lærer av dette.

Det seier Eivind Hansen, administrerande direktør på Haukeland universitetssjukehus.

Han uttalar seg for første gong om den dødelege feilen på sjukehuset.

Personlege feil og systemfeil

– Det svikta i fleire ledd.

– Var det menneskeleg svikt?

– Det var både menneskeleg svikt og svikt i systema.

Det er starta tre ulike undersøkingar av hendinga. Sjukehuset har starta si eiga ei gransking av saka. Det same har fylkeslegen og politiet.

Difor vil ikkje Hansen ut med detaljar om kva dei meiner gjekk gale. Eller kva tiltak som allereie er sett i verk.

Haukeland sykehus sentralblokka og den gamle barneklinikken

PREGA TILSETTE: Alle tilsette på Haukeland er prega av dødsfallet, ifølgje direktøren.

Foto: Helse Bergen

Ventar på nytt system

Kreftavdelinga på Haukeland bruker eit system som heiter Cytodose til medisinbestilling. Det er eit system som ikkje alltid fangar opp om det vert gjort menneskelege feil, og skal snart skiftast ut.

Hansen vil ikkje svare på om dødsfallet hadde vore unngått om Cytodose allereie var erstatta.

– Eit nytt system må sikre oss at det er særs lite sannsynleg at slike ting kan skje.

Vest politidistrikt bekreftar torsdag at etterforskinga er i gong.

– Vi har gjort nokre avhøyr, men vil ikkje gå nærare innpå detaljar. Det blir etterforska som eit mogleg straffbart forhold. Det er for tidleg å seie mot kven eller kva, seier påtaleansvarleg Sigurd Åsnes Granli.

Fleire alvorlege saker på Haukeland

Det har vore fleire fatale saker med feil under kreftbehandling på Haukeland. I 2018 mista seks år gamle Djabrail Sulejmanov livet då han fekk feil medisin.

I ettertid hadde sjukehuset ein grundig gjennomgang av alle rutinane.

– Sakene er ulike. Vi har mange hundre ulike kreftbehandlingar, og gir mange tusen dosar cellegift kvart år.

– Er det tilfeldig at dette skjer her?

– Det er vanskeleg å kommentere. Feil vil skje på sjukehus. Men det viktigaste er at vi lærer og får risikoen så låg som mogeleg.

Sigurd Åsnes Granli, Vest politidistrikt

PÅTALEANSVARLEG: Sigurd Åsnes Granli i Vest politidistrikt seiar politiet allereie har avhøyrt fleire personar.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Alle tilsette prega

Fylkeslege i Vestland, Helga Arianson, seier til NRK at dei ventar på å få oversendt dokument frå Helsetilsynet.

– Vi håpar å starte arbeidet med tilsynet fredag.

Eivind Hansen seier alle dei tilsette på Haukeland er prega av dødsfallet. Men han meiner det er trygt å få kreftbehandling på sjukehuset.

– Eg trur likevel det er umogeleg å ta vekk all risiko for at noko går gale, over alt på eit sjukehus.