Hopp til innhold

Mann døydde etter feildosering av cellegift

Politiet startar etterforsking etter at ein mann i 50-åra døydde måndag på Haukeland etter å ha fått ti gongar for mykje cellegift. – Det aller verste som kan skje, seier avdelingsdirektør.

Haukeland sykehus sentralblokka og den gamle barneklinikken

HAUKELAND: Det var på Haukeland universitetssjukehus mannen fekk feil dose førre måndag. Måndag denne veka døydde han.

Foto: Helse Bergen

Det melder sjukehuset i ei pressemelding.

Mannen skulle få behandling for kreft førre måndag, men fekk ein ti gongar for høg dose. Feilen vart oppdaga før heile dosen var gjeven, men mannen døydde natt til måndag denne veka.

Pasienten vart etter feildoseringa lagt inn på sjukehuset og fekk behandling.

– Dette er det aller verste som kan skje ei avdeling som vår. Me beklagar på det sterkaste. Våre tankar og medkjensle går til dei pasienten sine næraste, seier fungerande direktør på kreftavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus, Terje Nordberg.

Har sett i gang fleire granskingar

Hendinga er meldt til helsetilsynet og politiet. Sjukehuset melder at dei sette i gang ei intern undersøking av hendinga straks etter feildoseringa var skjedd. Det skal minska risikoen for at noko liknande kan skje igjen.

– Det skal vera trygt å få behandling på sjukehuset, seier Nordberg.

Avdelingsdirektøren kan ikkje seia noko om kvifor det har skjedd endå.

– Me har sjølvsagt gjort oss nokre tankar om kva som har hendt, men me må koma tilbake detaljane i hendingsgangen etter granskinga er ferdig, seier Nordberg.

Han seier at dei går nøyaktig gjennom alt som har skjedd for å forstå korleis noko slikt kan skje. Sjukehuset har sett i gong eit strakstiltak for å hindra at slike hendingar skal skje på nytt.

Ligg ansvaret hos avdelinga på sjukehuset eller hos enkeltpersonar?

– Det kan me ikkje seia noko om no, seier Nordberg.

Politiet og helsetilsyn varsla

Fungerande direktør i Statens helsetilsyn, Heidi Merete Rudi, opplyser til at dei har overført saka til fylkesmannen i Vestland.

Vest politidistrikt opplyser at dei har mottatt meldinga frå sjukehuset. Politiet har no oppretta sak og startar etterforsking av hendinga.

Dei har snakka med fylkeslegen i samband med saka.

Terje Nordberg i sjukehusgang.

ORSAKAR: – Dette er det mest alvorlege som kan henda oss. Me beklagar på det sterkaste, seier avdelingsdirektør ved kreftavdelinga på Haukeland universitetssjukehus, Terje Nordberg.

Foto: Valentina Baisotti / NRK