Hopp til innhold

Kan skyte fem jerv

For første gong kan ein i år jakte jerv i heile fylket, men viltforvaltar trur ikkje det vert ei vellukka jakt.

Jerv i Gravdalen i Årdal

JERVEJAKT: I år kan ein skyte opp til fem jerv på Vestlandet.

Foto: SNO-Aurland, Rovviltseksjonen

Lisensjakta på jerv startar måndag og i region 1 som omfattar Vestlandsfylka, samt vest Agder, er det lagt opp til å ta ut fem jerv.

Men viltforvaltaren i Sogn og Fjordane trur ikkje det kjem til å skje.

Treng flaks

– Vi har vanskeleg veir, vanskeleg fjell, ein skal nesten ha litt flaks skal ein klare å ta ut jerven under lisensjakta, seier Hermund Mjelstad, viltforvaltar i Sogn og Fjordane Fylkeskommune.

– Eg trur ikkje vi kjem til å fylle kvoten i år heller, seier Mjelstad.

Dei siste vintrane har jervejakta vore mislukka. Det har ført til at ein har måtte ta ut jerv på såkalla ekstraordinære uttak, etter at jaktperioden eigentleg er over.

Vanskeleg terreng å jakte i er truleg årsaken til at så få jerv er blitt skotne under den ordinære jakta. I tillegg så er jerven eit vanskeleg dyr å jakte på.

Utvida jaktområde

Årsaken til at ein i år kan jakte i heile Sogn og Fjordane er at det i fjor vart skoten ein jerv på grensa mellom Førde og Gaular kommunar.

Spor etter jerv på Strynefjellet

JERVESPOR: Spor etter jerv på Strynefjellet.

Foto: Inge Guddal

– Det viser at i enkelte periodar så kan jerven vandre utanfor lisensgrensa, og det er hovudgrunnen til at den noko kunstige grensa vart teken vekk frå i år, forklarar Mjelstad.

Jakta på jerv er frivillig. Mjelstad seier dei ikkje har vurdert å kompansere jegarar som klarar å ta ut jerv.

Risikerar meir skade

– Dersom ein ikkje klarar å ta ut kvoten jerv,så kan ein risikere at det vert meir skade på beitedyr, som sau, påfølgande sommar, seier viltforvaltaren.

Det er i Indre Sogn og indre del av Stryn kommune, mot Oppland grense, det er størst sjans for å kunne ta ut jerv.

For første gong på mange år er det i år så langt ikkje påvist jerveskade i Sogn og Fjordane.