Det er 17 prosent meir enn gjennomsnittet for dei tre siste åra. Dei aller fleste som blir tekne for så høg fart at førarkortet ryk er unge menn.
Statistikken syner at ni av ti som blir utan førarkort er menn, fire av ti er under 25 år, og det er dobbelt så mange 18-åringar som 19-åringar og 20-åringar.
Berre i Nordfjord har politiet kverrsett 20 førarkort til no i år (då er ikkje Strynefjellet med, det høyrer inn under Austlandet). Til saman har UP-patruljen i Nordfjord teke 580 for å ha køyrt for fort. I heile UP-distriktet er 4435 tekne for fartsoverskridingar.
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
MÅ BETALE: Frode Jacobsen køyrde for fort i 60-sona, men førarkortet var ikkje i fare.
Foto: Ole André Rekkedal / NRKMange ulukker på riksveg 15
NRK.no var med UP-patruljen i Nordfjord på kontroll i ei 60-sone, då ein bil vart fanga inn i laseren i 75 kilometer i timen. Det enda med eit forenkla førelegg, og Frode Jacobsen fekk køyre vidare. Han hadde denne forklaringa på at det gjekk for fort:
– Når ein har køyrt langt og det plutseleg kjem ei 60-sone så verkar det veldig sakte. Men eg kjem vel til å køyre litt saktare no, iallfall i 60-sona.
Det var talet på ulukker som gjorde at UP sette inn ein eigen patrulje i Nordfjord, fortel politioverbetjent Elling Krogen.
– Det viste seg at då riksveg 15 frå Måløy til Oppland grense kom inn på lista over dei 100 mest ulukkesbelasta vegane i Norge, så vart det prioritert å få på plass ein patrulje. Og den vart oppretta i januar i fjor.
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
VIL HA NED ULUKKESTALET: Politioverbetjent Elling Krogen.
Foto: Ole André Rekkedal / NRK– Vi skal få farten ned
Han meiner det får folk til å lette litt på gassfoten når det etter kvart blir meir kjent at det er ein eigen UP-patrulje i Nordfjord.
– Farten går ned, det same gjer ulukkestalet. Målet vårt er å få ned talet på drepne og skadde, og det har preventiv effekt.
Dei er særleg opptekne av dei unge og ferske bilførarane, for det viser seg at desse er overrepresenterte mellom dei som blir tekne for svært høg fart.
– Vi stod i ei 50-sone for ei tid sidan, der kom det ein ungdom i 19-20-årsalderen som vi målte til 116 kilometer i timen, det vil seie 120 på laseren. Då vi gjekk ut i vegen for å stanse han opplevde vi ei sjokkbremsing der han nesten ikkje greidde å stanse på stopposten.
– Det er risikosport. Vi blir jo heilt sett ut når nokon kan finne på å køyre så fort i ei 50-sone med mange avkøyrsler, gangfelt og barn langs vegen.
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
- MANGE SOM SKAL TØFFE SEG: Runar Bjørhovde Heggedal.
Foto: Ole André Rekkedal / NRK– Heilt på trynet
Runar Bjørhovde Heggedal er fersk bilførar. Han kjenner mange på hans eigen alder som burde slakke av på farten.
– Eg får seie som mamma seier, får dei lappen så er dei verdsmeistrar med ein gong. Det er mange som skal tøffe seg og tøye grensene. Eg veit om folk eg ikkje bør sitte på med, for ryktet går om at dei køyrer som svin.
– Det er heilt på trynet at dei skal få lov til å køyre når dei set livet til medpassasjerane, seg sjølve og andre trafikantar i fare.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
OVER FARTSGRENSA: Her er det 60-sone.
Foto: Ole André Rekkedal / NRK– Risikosport
Elling Krogen seier at dei unge må tenkje over ansvaret dei har som bilførarar og stikke figeren i jorda og innsjå at dei har mykje å lære.
– Det ser ut til at dei unge tek mykje større sjansar enn meir erfarne bilistar, som gjerne veit at bilkøyring er risikosport. Mitt råd til unge bilistar er at dei må tenke på at dei manglar svært mykje erfaring på alle dei situasjonane som kan inntreffe i trafikken.
Han presiserer at dei slett ikkje er ute etter å ta flest mogeleg, men at dei er opptekne av å vise igjen, for på den måten å få ned farten og dermed talet på drepne og skadde.
Høg gjennomsnittsfart
Og fartsmålingane til Statens vegvesen på enkelte vegstrekningar syner at gjennomsnittsfarten er høg. I Frudalstunnelen på riksveg 5 mellom Sogndal og Skei køyrde gjennomsnittsbilisten i 87 kilometer i timen i 2012, året før var gjennomsnittsfarten 84. Fartsgrensa er 80.
På riksveg 15 i Markane gjekk gjennomsnittsaften litt ned frå 2011 til 2012, frå 77 til 76 kilometer i timen i 80-sona. Kanskje har UP-patruljen i Nordfjord litt av æra for det...
FARTSSYNDAR I SIKTE: Bjarte Aasen i UP-patruljen i Nordfjord med laseren på kontroll. Politiet opplever at stadig fleire råkøyrer.
Foto: Ole André Rekkedal / NRK