Hopp til innhold

Krev streng straff etter politijakt

Påtalemakta legg ned påstand om fem månader fengsel og tap av førarretten i fem år for den tiltalte etter politijakta på Strynefjellet i fjor haust.

Lisa Førde Refsnes og Espen Refstie

STRENG STRAFF: Politiadvokat Lisa Førde Refsnes (t.v.) la ned påstand om fengsel i fem månader og tap av førarretten i fem år for den tiltalte austlendingen. – Alt for strengt, meiner forsvarer Espen Refstie (t.h.).

Foto: Oddleif Løset / NRK

Politiadvokat Lisa Førde Refsnes la ned påstanden då saka mot den tiltalte austlendingen i 40-åra gjekk i Fjordane tingrett i dag.

Ved fartsoverskridingar plar tap av førarretten liggje på mellom tre månader og tre år. I særskilde høve meir.

– Vi har argumentert med at det er for strengt. Både straff og inndraging av førarkort. Vi meiner forholdet ikkje er så graverande som påtalemakta legg til grunn, seier forsvarar Espen Refstie.

141,7 km/t i 80-sona

Det var i september i fjor at mannen vart observert av UP på veg over Strynefjellet. Med blålys og sirener la patruljen seg på hjul. Jakta gjekk føre seg i nær ein time frå Grotli til Hjelle i Eid.

Målingar viser ein snittfart på 141,7 km/t over ein periode på sju kilometer i 80-sone. Vidare 131,7 km i snitt over ei mil i 90-sone, ein kilometer med 112 km/t i snitt i 60-sone, samt 105,7 km/t i ei 50-sone.

– Straffepåstanden er altfor streng. Eg har sett fem år i andre typar saker, men som fartsoverskriding så tykkjer eg dette er unormalt strengt, seier forsvarar Espen Refstie.

11 mil lang jakt

Motorsyklisten hadde ein snittfart på 120,5 km/t. under den kring 11 mil lange jakta. Mannen stod også tiltalt for å ikkje ha stoppa for politikontroll. I Skredestranda stogga han heller ikkje for ein stoppost.

Her er austlendingen tiltalt for å ha sett ein polititenestemann i fare, då denne kjende seg nøydd til å hoppe vekk for å unngå å bli påkøyrd. Førde Refsnes seier det er heilskapen i tiltalen som gjer at dei legg ned så streng påstand.

– Både omfanget, at køyringa gjekk føre seg over lengre tid, dei grove fartsoverskridingane, farlege forbikøyringar, høg fart, forsøkte å sperre for UP, stikke av frå kontroll, og så vidare, seier politiadvokaten.

Usamde om politiet var i fare

Påtalemakta og forsvaret er usamde om mannen sette polititenestemannen i fare ved den aktuelle stopposten. Austlendingen erkjende straffskuld på alle punkt, med unntak av dette.

– Han har sagt at han køyrer trygt igjennom etter at politimannen forsvinn ut av vegen. Han opplever å få ei opning og nyttar høvet til å køyre igjennom, seier Refstie.

Den forklaringa kjøper ikkje politiadvokat Førde Refsnes som krev austlendingen domfelt på også dette punktet. Mannen vart pågripen ved at UP køyrde i motorsyklisten slik at han hamna i grøfta.