Veit ikkje kor mange dødsulykker han har vore på, men hugsar kvar einaste ei

Når telefonen ringjer og det står eit visst nummer på displayet, veit Torgeir Bang (45) at dagen blir lang og tung. Då har døden teke nok eit liv på norske vegar.

I smørjegrava

ANGRAR IKKJE: I jobben sin i ulykkesgruppa opplever Torgeir Bang mykje som kan vere vondt og vanskeleg. Men han har aldri angra på jobbvalet.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Først lurer eg på om det er i nærmiljøet eller om det er langt unna. Er det i

nærmiljøet kan det vere folk eg kjenner, seier Torgeir Bang.

Han er ein av dei som jobbar i ulykkesgruppa til Statens vegvesen. Kvar gong eit liv går tapt i ei trafikkulykke rykkjer ulykkesgruppa til Vegvesenet ut. I fjor omkom 145 personar i trafikken.

Når det skjer ei dødsulykke, melder ofte media «ulykkesgruppa til Statens vegvesen er på veg til staden», men du ser dei sjeldan. Like fullt er jobben dei gjer heilt essensiell for at pårørande og politi skal få svar.

Spesielt tungt når unge er involverte

Ulykkesgruppa skal finne alle spor det er mogleg å finne på åstaden for å forstå, i den grad det let seg gjere, kva som var grunn til at det gjekk slik det gjekk.

Kvifor tobarnsfaren aldri kom heim, 15-åringen aldri møtte på handballtrening, eller 8-åringen sin pult står tom i klasserommet.

– Det er ein tung og trist jobb. Nokon er død. Samtidig skal vi gjere ein jobb for å finne ut kva som har skjedd, så godt vi kan. Spesielt tungt er det når ungdom og born er involverte, seier den rolege karen.

Han har jobba med dødsulykker i over ti år, men tal på kor mange det har vorte, har han ikkje.

– Eg tel ikkje. Men det er mange stadar i fylket eg har forbindelsar til. Når eg er ute og køyrer så kjem eg på at «her var det slik og sånn». Men eg kan ikkje gå og tenkje på det, seier han stilt, og ser ned på store nevar som innimellom må gjere jobbar som mange ikkje hadde klart.

– Hugsar du kvar einaste ulykke?

– Når eg kjem dit, så gjer eg det, seier han stilt.

Veit ikkje når han kjem heim

45-åringen veit at han går i eit eige modus når telefonen har ringt frå Vegtrafikksentralen. Det veit kona hans også, viss telefonen kjem når han er heime. Etter så mange år er både ho og ungane vane med kva som skjer.

Då går ho automatisk i gang med å gjere klar ei durabeleg matpakke, vatn på flaske og kaffi på termosen.

– Eg veit det tek lang tid, og utan påfyll av krefter klarar ein ikkje yte det ein må, seier Bang.

For timane går fort. Ikkje sjeldan er han vekk eit døgn når ei dødsulykke skjer.

– Eg kjem sjeldan heim før neste dag. Ofte overnattar vi også for å få gjort jobben vår skikkeleg, seier Bang.

(Artikkelen held fram under grafikken)

Ville ha klare svar på årsaka

Han har jobba med ulykker i Vegvesenet sidan 2002. Først i 2005 starta Statens vegvesen eit arbeid med djupneanalysar av alle dødsulykker på norske vegar.

Dette vart vedteke for å få meir informasjon om kva som er årsak til dødsulykkene enn det ein tidlegare hadde hatt.

Det finst ei ulykkesanalysegruppe (UAG) i kvar av dei fem regionane i Norge som gjer denne jobben.

Hans Olav Hellesøe er leiar i UAG region Vest. Han har bakgrunn som maskiningeniør og har jobba både som sensor og kontrollør. Før han vart UAG-leiar, jobba han mange år i ulykkesgruppa.

Trass i at tida har gått sidan han var ute i felt på ulykker, sit bileta framleis fast på netthinna.

– Eg har nokre bilete i hovudet som aldri forsvinn. Det gjeld spesielt ulykker der born var drepne. Det ligg bak der, seier Hellesøe.

Hovudet og augo er viktigast

Ulykkesgruppa (UG) er dei som faktisk er ute på ulykkene. Dei gjer forarbeidet til denne ulykkesanalysegruppa ved å samle inn data i felt og lage ein mellombels rapport.

– Vi merkjer opp, vi prøver å teikne inn alt vi finn. Vi går mykje fram og tilbake, seier Bang.

Ei ulykke kan delast inn i tre fasar, utløysande fase, kaos-fase og skadefase.

– Som regel er den utløysande plassen for ulykka ganske langt unna der bilen har stått, så vi må kanskje gå 200 meter tilbake for å finne ut korleis det har skjedd, seier han.

Ulykkesgruppa leitar nøye etter alt som finst av spor, svarte strekar i asfalten og teikn utanfor vegbana.

– Hovudet og auga mine er dei beste verktøya eg har. Så har eg eit veldig godt fotoapparat slik at eg kan ta mykje bilete som kan hjelpe meg. I tillegg har eg utstyr til å måle med, seier Bang.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

VIKTIG VERKTØY: Leikebilane er tidvis til svært stor hjelp, både for å finne ut kva som skjedde i ei dødsulykke, men også for å få lekfolk i retten til å forstå kva som har hendt. Foto/redigering: Tone Merete Lillesvangstu

Jaktar det som forsvinn fortast først

Mest prekært er det å få dokumentert spor som forsvinn raskt, slik som svake svartspor i asfalten og spor i grus, gras og grøfter.

– Nokon spor forsvinn dersom det går eit døgn, og dei må vi leite etter først, slik at vi får dokumentert dei, seier nordlendingen.

Etter ei ulykke har ulykkesgruppa 24 timar på seg til å ha klar ei melding på dødsulykka. I meldinga står det kortfatta info om ulykka, kven var involverte, spesielle faktorar, samt at det ligg ved bilete.

Denne vert distribuert til leiinga i Vegvesenet lokalt og regionalt, samt til vegdirektøren.

Det vidare arbeidet til ulykkesgruppa er så å lage ein rapport der alle fakta dei har komme fram til er med.

Denne rapporten vert så gitt til ulykkesanalysegruppa (UAG), som analyserer ulykka i djupna. Kvart år vert resultata frå analysearbeidet oppsummert i regionale og nasjonale årsrapportar.

– Analysane vi kjem fram til i kvar einskild ulykke vert plotta inn i ein database. Her kjem det også fram kva som kunne vore gjort annleis på staden for å minske sjansane for ei liknande ulykke. Men dette er til internt bruk i Vegvesenet, seier Hellesøe.

Er viktige brikker i ei rettssak

Høg fart er medverkande faktor i halvparten av dødsulykkene. I kvar femte dødsulykke køyrde føraren langt over fartsgrensa.

Nær halvparten av dei som døyr i trafikkulykke brukar ikkje bilbelte. Truleg ville to tredjedelar overlevd viss dei hadde gjort det. I meir enn kvar femte dødsulykke er ruspåverknad ein medverkande faktor til ulykka.

Ofte vert folk frå ulykkesgruppa nytta som sakkunnige dersom ei dødsulykke skal opp i retten. Dei har berre éin misjon; dei skal bringe til torgs det dei objektivt sett meinte skjedde, på bakgrunn av alle spor ein har funne. Uavhengig av kven det gagnar, påtalemakta eller sikta.

– Jobben vi gjer er viktig. Den kan vere med å kaste lys over at nokon har køyrt altfor fort, men han kan også vere med på å klargjere at nokon har gjort så godt dei kunne i den situasjonen dei kom opp i, seier Bang.

Prata ned farten på bakgrunn av fakta

Han var mellom anna sakkunnig i Haus-ulykka, ei tragisk dødsulykke som skjedde på Nordfjordeid i 2010.

Fire ungdommar var på veg frå ei datasamling, men tok ein omveg for å kjøpe billeg bensin. Føraren miste kontroll over golfen og small i ein bergnabb. Ein 16- og ein 18-åring omkom.

I retten kom det mellom anna fram at dekka på golfen var slitne og fleire vitne hevda at farten hadde vore svært høg. Men så kom sakkunnig Bang i vitnestolen.

– I den saka prata vi farten ned, rett og slett fordi våre funn tilsa det. Matematikken er enkel, men det er fakta vi puttar inn som er viktig, seier Bang.

For ulykkesgruppa er det nemleg berre fakta som tel. Ikkje at nokon hevdar dei har sett ein bil køyre som ei kule. Ikkje at nokon meiner at farten må ha vore 130 km/t fordi skadane er store.

Berre tørre, men innhaldsrike fakta. Som bremsespor, friksjon, spor på bremseskiver, spor i grøfta og avstand. Matematikk og fysikk.

– Vi skal dokumentere begge sider. Mange gonger kan vi belyse det slik at folk ikkje vert dømde, eller at dei vert dømde på ein meir rettferdig måte, rett og slett fordi vi finn ut at folk har gjort ein OK jobb, seier Bang.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trafikkulukke i Flåm

EI KVINNE OMKOM: Fleire køyretøy var involverte i ulykka på Brekke bru i Flåm i 2007. Denne ulykka såg også Statens havarikommisjon for transport på. Dei retta kritikk mot Vegvesenet på fleire punkt.

Foto: Arve Uglum / NRK

Eit enormt puslespel

Bakgrunnen som mekanikar og køyrelærar har vore viktig. I Vegvesenet jobbar han både som sensor og utekontrollør på tunge og lette køyretøy, i tillegg til jobben med ulykkesgruppa. Ein variert bakgrunn med god fagkunnskap er essensielt, i tillegg til mykje kursing.

– Du må vere genuint interessert i korleis eit køyretøy fungerer og forstå korleis kreftene verkar, seier Bang.

Det stadfestar Hellesøe.

– Dei som jobbar i ulykkesgruppa er utruleg dedikerte og interesserte i det dei driv med. Dei er ofte på kurs og held seg oppdatert på mange felt, seier Hellesøe.

På mange måtar kan arbeidet ulykkesgruppa gjer samanliknast med eit puslespel. Nokon gonger kan det vere kombinasjonen av fleire hundre leietrådar som fører fram til konklusjonen om korleis ein trur ulykka må ha skjedd.

– Difor er det så viktig å komme tidleg på ulykkesstaden. Då har vi best føresetnader, seier Bang.

Fekk ikkje rekkjefølgja til å stemme

Då eit vogntog og to personbilar kolliderte på E16 i Flåm i november 2007 var det Bang som hadde saka.

Trekkbilen på eit vogntog fekk skrens og roterte før det kolliderte med to møtande personbilar. Ein person omkom og tre personar vart alvorleg skadde.

For dei som kom til ulykkesstaden såg Brekke bru i Flåm ut som eit katastrofeområde. Plast- og metallbitar frå køyretøya var strødde over store avstandar. Éin personbil var ikkje til å kjenne att, ein semitrailer stod vridd i ein underleg positur.

Brannvesenet var i full gang med å koste vegen då Bang kom til staden. Dermed hadde registreringsnummer frå eitt køyretøy hamna i ein dunge med vrakdelar frå eitt anna. Og når fargen på køyretøya var lik, vart ikkje dét oppdaga ved første augekast.

– Vi fekk ikkje rekkefølgja på bilane til å stemme etter å ha jobba ei stund. Det kunne ikkje vere slik som dei stod, seier Bang.

Men er ein grundig, så betalar det seg til slutt. Sidan Flåm er ei internasjonal hamn er delar av sentrum videoovervaka, det gjeld også to stubbar av E16.

Ved å sjå kva rekkjefølgje bilane køyrde i på videoen i sekunda rett før ulykka, kunne ein slå fast kva rekkjefølgje dei hadde hatt då ulykka skjedde.

– Summen av alle inputs hjelpte oss til å kunne seie kva som hadde skjedd, seier Bang.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

ILLUSTRERER: I arbeidet med å finne ut kva som hadde skjedd i trafikkulykka på Brekke bru i Flåm, var leikebilar ei god hjelp. Foto/redigering: Tone Merete Lillesvangstu

Har leikebilar på kontoret

På kontoret sitt har han ei skuffe med leikebilar. Små semitrailerar, personbilar, ja, endåtil ein politibil. Men ikkje fordi han har barn eller barnebarn på besøk på kontoret. Bilane er verktøy i etterforskinga.

Trekkvogna på den eine semitraileren er demontert, førarhytta er laus, skrudd og filt laus av Bang.

– Eg brukar bilane for å finne ut kva som har skjedd, seier Bang, og arrangerer semitraileren slik at tralla ligg for seg og hytta er slegen av understellet og slengt bortover.

Ved å lage til ulykkesstaden til dømes med tape, og setje bilane i posisjonar, så kan han analysere seg fram til kva som til slutt skjedde.

I einskilde tilfelle har han gått fram nesten slik ein lagar film. Han har plassert køyretøya i utgangsposisjon og så flytta dei millimeter for millimeter, samtidig som han har dokumentert det med bilete.

Scrollar du fort gjennom bileta, vert det som ein animasjon som syner kva som har skjedd.

Er det behov for det, lagar ein til slutt ein skikkeleg dataanimasjon, som til dømes kan synast i retten. Av og til tek Bang med leikebilen dit også.

– Det er lettare å få lekfolk til å forstå kva som har skjedd dersom eg kan vise det. Ved å ta med ein slik bil i retten kan eg demonstrere til dømes kva rute bilen har gått før det ende med smell, seier Bang.

(Artikkelen held fram under animasjonen)

Created by InfoDispatcher

ULYKKA I FLÅM: Dødsulykka på Brekke bru vart også analysert av Statens havarikommisjon for transport. Her er deira animasjon av korleis ulykka hende. Animasjon: SHT

Spesielt tungt med små born

Sjølv om han ikkje har eit problem med død, er det ikkje til å komme ifrå at slike opplevingar set brennmerke i sjela, også til garva etterforskarar som Bang.

– Dei ulykkene som inneheld unge menneske, gjer sterkt inntrykk, seier Bang.

Trebarnsfaren fortel at spesielt ulykker som involverer ungdommar på alder med hans eigne born, brenner seg fast.

– Alle ulykker er triste, men spesielt der det er små born så tykkjer eg det er tungt, seier Bang.

Som oftast er dei omkomne frakta bort. Men ikkje alltid. Av ymse grunnar. Nokre gonger er det nesten ikkje råd å få det til. Når bilvraket er som ein ball med krølla aluminiumsfolie, er det ikkje mykje att av eit menneske.

(Artikkelen held fram under grafikken)

Må gjere jobben mellom vrakdelane

Nokre gonger er det mest som om det ikkje går an å forstå at det er ein person i bilen ein gong. Når titals på titals tonn har smelt i hop, og det som ein gong var eit vogntog berre er ein uformeleg masse med skrapjarn.

Når kreftene som har vore i sving har vore så store at det som var ein bil med fire akslingar ser ut som ein med to. Når det som har vore to personbilar ser ut som éin.

– Det er ikkje alltid det går an å fjerne den døde. Det er tungt, seier Bang.

Like fullt må han tømme hovudet og gjere det han skal. Måle og teikne, ta bilete og leite. Mellom tome CD-cover og det isundklemde pappkruset i dørken som same føremiddag romma varm kaffi frå Shell. Blant restane av den nybakte sjokoladekaka som skulle vere med familien på påsketur.

Nokre gonger mellom restane av det som timar før var ein pappa.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hellesøe ved Stedjeberget

SISTE ULYKKA: Her i Stedjeberget omkom ein finsk MC-førar for fleire år tilbake. Det var siste dødsulykka Hans Olav Hellesøe var på då han jobba i ulykkesgruppa. I dag er han leiar for ulykkesanalysegruppa i region Vest.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Er ofte viktige for dei pårørande

Og for kvar dødsulykke aukar talet med pårørande. Ikkje berre næraste familie. Også tanter og onklar og søskenbarn. Eller klassekameratar og kollegaer.

Bang har opplevd at pårørande har komme medan han er på staden. Dei vil gjerne vite nøyaktig kor det skjedde, kor dei kan leggje blomar, eller kor fort deira kjære døydde. Eller sjå vraket.

– Dei pårørande er ein del av jobben vår. Kan vi hjelpe, så gjer vi jo det. Vi kan ikkje hindre dei, men vi kan styre kva dei får sjå dersom det er naudsynt, seier Bang.

For, ei fortvila mor treng ikkje sjå at bilsetet delvis har brunne opp av flammane som oppstod før dei fekk ut den omkomne sonen hennar, til dømes. Ho treng heller ikkje sjå slintrene av den kvite T-skjorta som sit fast i vraket, dekt av mørkt blod.

Trass i inntrykk som har sett varige spor har han aldri vurdert å slutte. Ikkje har han angra på at han tok jobben heller.

– Dette er ein utruleg interessant jobb. Kanskje kan vi vere med å forbetre trafikktryggleiken gjennom det vi gjer. Men det er ein jobb som gjer at ein tenkjer seg om, seier Bang.

Det stadfestar også Hellesøe.

– Eg er glad og takksam for at eg har den bakgrunnen eg har. Det set ting i perspektiv. Men det gjer noko med oss. Vi tenkjer nok meir på kva som kan skje i trafikken, seier Hellesøe.

(Artikkelen held fram under animasjonen)

Created by InfoDispatcher

ANIMASJON: Her er ein animasjon som UAG har laga av ei dødsulykke. Animasjon: Statens vegvesen

Er meir redd enn snitt-pappaen

– Eg er iallfall medviten på kva som kan skje i trafikken og kor lite som skal til for at det går veldig, veldig gale, seier Bang.

Han har tre barn som alle har sertifikat. Utan tvil er dei prega av pappas jobb.

– Dei har nok fått ein ekstra runde med trafikktryggleik. Eg trur nok eg masar litt ekstra, seier Bang.

Tobarnsfaren Hellesøe har vel ti år framfor seg før førstemann kan svinge bilen ut på riksvegen åleine. Men han har planen klar.

– Frå dei er 16 år skal dei vere fast sjåfør i min bil, slik at dei har veldig mange tusen kilometer i kroppen før dei får førarkort. Samtidig skal dei vite kva pappa gjer på jobben, seier Hellesøe.

At han er meir redd for borna enn snittpappaen, er han viss på. Difor tek han forholdsreglar.

– Eg tek andre val no enn før. Eg vel å køyre på vegnettet når det er minst mogleg trafikk viss eg kan velje, eg vel heller ein omveg framfor ein veldig trafikkert veg. Og eg sjekkar alltid at borna er godt sikra, seier Hellesøe.

For marginane mellom liv og død er ufatteleg små.

Bang nikkar attkjennande.

Minna kjem tilbake når han passerer staden

Han har ikkje tal på kor mange dødsulykker han har vore på. Men han har ikkje gløymt ei einaste ei.

– Dei er der alle saman. Kvar gong eg passerer ein stad der det har skjedd noko, så kjem det tilbake, seier Bang.

Og så er det éin ting alle ulykkene har felles. Sjølv etter så mange år i bransjen.

– Lukta av dødsulykke. Den er lik kvar gong. Denne eimen av kjølevæske, bremsevæske, drivstoff og ulykke. Den er alltid lik, seier Bang.

Både Bang og Hellesøe understrekar kor viktig det er at ein får bearbeidd det ein opplever.

– Vi har gode kollegaer å snakke med, og terskelen for å kople inn profesjonelle er låg dersom ein føler ein treng det, seier Hellesøe.

I Mitsubishien som ulykkesgruppa disponerer er det eit godt stereoanlegg. Veldig godt. Og det kjem godt med.

For når termosen er tom og hovudet er fullt kan det vere godt å få blåse litt ut.

Bang har ein eigen metode å bearbeide det han har vore gjennom på. På veg heim frå ulykkesstaden spelar han skikkeleg høg musikk i bilen.

– Då let eg tankane fare andre stadar, seier Bang.