Hopp til innhold

Har tatt doktorgrad på «kleint» teaterspråk: – Det høyrest veldig corny ut

Snakkar norske skodespelarar naturleg? Flirer du av kunstige dialogar eller uforståeleg mumling og brøling? No er det norske teaterspråket blitt analysert.

Eit 33 sekunders lydklipp frå 10 norske teaterframsyningar frå 1939 til 2021. Biletet: "Et dukkehjem" på DNS i 2021.

TRUVERDIG? Høyr 10 eksempel på 33 sekund! Tykkjer du skodespelarane snakkar naturleg? Biletet: «Et dukkehjem» på DNS i 2021.

Det spørsmålet eg får oftast, har nok vore: «Kvifor pratar dei så rart i teateret?» Eller: «Kvifor snakkar norske skodespelarar så kleint?»

Så då tenkte eg at det kan eg forska på!

Ragnhild Gjefsen Ph. d, Universitetet i Bergen

Du tenker kanskje at skodespelarane snakka oppstylta «teÆÆteRR-språk» i gamle dagar? Eller at dei snøvlar og brøler for mykje i dag?

Teatervitar Ragnhild Gjefsen ved Universitetet i Bergen har no tatt doktorgrad om temaet: Korleis norske teaterskodespelarar har prøvd å stå fram ekte og naturlege når dei snakkar.

Ho har studert måten skodespelarane pratar på for å få karakterane til å bli realistiske og naturlege, slik at me skal tru på dei.

Ragnhild Gjefsen

Teatervitar Ragnhild Gjefsen har tatt doktorgrad på nøling, brøling og andre triks for å få rollefigurane til å stå fram ekte og naturlege på scenen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Kunstig og påtatt

Gjefsen har analysert åtte teaterstykke frå 1930-talet til 1990-talet, inkludert fire versjonar av Ibsens Et dukkehjem, og fire nyare stykke.

– Er det parodisk når Nora og Helmer snakka på «Nationaaal-theææætrrret» i 1939?

– Det høyrest rart ut i dag. Det som blei oppfatta som realistisk eller naturleg på 30-talet, vil vera ganske kunstig for oss i dag, seier Gjefsen diplomatisk.

– Og når det gjeld slanguttrykk på 1970- og 80-talet, er det jo lett å tenke på Wam og Vennerød-filmar som Lasse og Geir, meiner ho.

Der finst den kanskje mest kjende replikken frå ein norsk skodespelar:

«Kan'ke du snurp'igjen smella litt'a? Du maser jo som et lokomotiv!»

– I ettertid verkar dette veldig påtatt, seier Gjefsen litt mindre diplomatisk.

Å maskera det planlagde

Ho har sett nokre tydelege endringar i korleis skodespelarane prøver å stå fram ekte og naturlege på scenen. Til dømes småord og lydar.

  • 1930-talet: mykje «øøh»-ing og «mmm»-ing – eit triks for å få det til å verke som ein seier noko for første gong.
  • 1950-talet: å dra litt på orda, og putta inn småord som «ja» og «du».
  • 1970-talet: veldig mange småord, som «ja!», «kanskje», «kva?» og «Ja, ja, ja».

– Eller til dømes at Lise Fjeldstad som Nora i 1973 snakkar med mat i munnen. Alt dette er måtar der dei «maskerer» at replikkane er planlagde.

  • På 1990-talet ser ho at dei byrja å kutta tekst. Ta vekk lange einetalar, for eksempel.

– Å snakka mindre, rett og slett. Det er jo ikkje vanleg at folk held ordet veldig lenge åleine.

Lise Fjeldstad og Knut Risan i "Et dukkehjem", NRK Fjernsynsteateret 1973

Lise Fjeldstad og Knut Risan i «Et Dukkehjem» på NRK Fjernsynsteatret i 1973.

Foto: NRK

Corny vibrato og hektisk pust

Gjefsen har også sett på korleis skodespelarane uttrykker kjensler gjennom språket.

– På 30-talet brukar dei vibrato, altså dramatisk vibrering på stemmebandet. Det høyrest jo veldig corny ut i dag, men den gongen var det ein effektiv måte.

– På 50-talet og på 1970-talet bruker dei heller pust på stemmebandet. Dramatisk og hektisk inn- og utpust.

Ho seier at språk og oppførsel på teaterscena til ei kvar tid heng saman med konvensjonar og kulturen generelt:

Kva som er forventa og akseptabel offentleg framferd i samtida.

– På 90-talet blir det meir skrik, skrål, gråt og affekt. Sterke, eksplisitte emosjonar. Noko slikt ville ha verka veldig framandt på 1930-talet, seier Gjefsen.

"Beslutningen" på Nationaltheatret 1994: Kjersti Holmen og Henrik Mestad.

Eitt av stykka Gjefsen har studert, er «Beslutningen» med Kjersti Holmen og Henrik Mestad på Nationaltheatret i 1994.

Foto: Leif Gabrielsen / Nationaltheatret

Blir sint på dialekt

Ho viser eit døme der Henrik Mestad som Helmer i ei framsyning frå 1999 brøler og slår over frå bokmål til bømlodialekt når han blir sint.

– Det er eit verkemiddel for å bli sint på ein autentisk måte. Akkurat som han mister fasaden.

Skodespelar Kristi-Helene Engeberg på Den Nationale Scene i Bergen er 31 år og gjekk framleis på barneskulen då Torvald Helmer brølte på bømlodialekt i 1999.

I 2021 spelte ho sjølv Nora i Et dukkehjem.

Kristi-Helene Engeberg som Nora i Et dukkehjem, DNS 2021

Kristi-Helene Engeberg som ei utagerande Nora i «Et Dukkehjem» på Den Nationale Scene i Bergen i 2021.

Foto: Sebastian Dalseide / DNS

Det å få spela på sin eigen dialekt, meiner ho er viktig.

– Det gir autentisitet og fridom som skodespelar. Det er mykje lettare å komma i kontakt med sine eigne kjensler på sitt eige språk eller dialekt. Rett og slett vera meir truverdig og ekte på scenen.

Å tru på det sjølv

Men Engeberg ser ikkje på yrket sitt som å bruka triks og teknikkar for å stå fram naturleg, men som å vera ekte på scenen.

– På teaterskulen snakka me aldri om å vera naturleg. Berre om kva vil du – å gjera det viktig, slik at karakteren blir så desperat at han berre snakka. Og så personleggjera det, slik at eg trur på det sjølv.

– Men me veit jo alle at det er skodespel, ikkje ekte?

– Det er både-og. Sjølv om me er skodespelarar, så er me jo faktisk ekte menneske som står der. Emosjonane som oppstår i teateret, er jo ekte, seier Engeberg.

Kristi-Helene Engeberg, skodespelar ved Den Nationale Scene

Målet er å vera ekte, ikkje å stå fram som ekte, meiner skodespelar Kristi-Helene Engeberg.

Foto: DNS

– Eg tenker ikkje på korleis eg skal seia dette på ein mest mogleg naturleg måte. Det vil ta meg heilt vekk frå situasjonen.

Oslo-nynorsk?

Teaterkritikar i NRK, Karen Frøsland Nystøyl, er glad for at norske skodespelarar får snakka dialekt, og ikkje lenger berre standard Oslo-språk. Men ho kan styra si begeistring for brøling på scena.

– Blir det for mykje emosjonell roping, distanserer eg meg som tilskodar. Det blir for tydeleg. Ein kan jo for eksempel fint uttrykka sinne svært, svært lågt, og det kan vera frykteleg ekkelt og verknadsfullt.

Teater- og scenekritiker i NRK - Karen Frøsland Nystøyl

Teaterkritikar Karen Frøsland Nystøyl likar dialektar, men ikkje brøling, på teaterscenen.

Foto: JAVIER ERNESTO AURIS CHAVEZ / NRK

Jamt over tykkjer ho skodespelarane her til lands klarer å snakka slik at det verkar naturleg.

– Eg sit ikkje så veldig ofte og tenker at nå skurrar det for meg.

– Så kleint, unaturleg scenespråk er sjeldan?

– Altså, eg veit at mange tykkjer nynorsk-talen ved Det Norske Teatret er slitsamt, særleg med austlendingar som skal snakka nynorsk. Men ein må jo hugsa at teater er fiksjon, så den eventuelle framandgjeringa som oppstår der, er kanskje ein del av pakka, seier Nystøyl.

Henrik Mestad og Anneke von der Lippe i "Et dukkehjem", Nationaltheatret 1999

I «Et Dukkehjem» på Nationaltheatret i 1999 spelte Henrik Mestad Helmer som ein «oppkomling» frå Bømlo som snakkar bømling når han bli sint. Anneke von der Lippe spelte Nora.

Foto: Marit Anna Evanger / Nationaltheatret

– Ikkje meir naturleg i dag

Ragnhild Gjefsen håpar at hennar studie får fram at heller ikkje dagens teaterspråk er så naturleg som me kanskje trur.

– Det er eigentleg ikkje meir naturleg i dag enn før. Skodespelarane brukar berre andre verkemiddel, som me berre godtar i dag, fordi at me er vande med det. Men alt er eigentleg iscenesett.

– Er du litt kjip som avslører dei inste triksa til skodespelarane?

– Det er heller at eg gir dei litt cred for at dei brukar scenespråket så smart.