Hopp til innhold

Har sett inn redningshelikoper i leitinga i Årdal

Leitemannskapa har laurdag brukt redningshelikopter i leitinga etter den 24 år gamle asylsøkaren i Årdal.

Helikopter leitar etter sakan i Årdal

LEITA FRÅ LUFTA: Laurdag deltok eit redningshelikopter i leitinga etter den sakna mannen i Årdal.

Foto: Truls Grane Sylvarnes

– Redningshelikopteret har gjort søk frå lufta i laurdag, men utan resultat og vi brukar det no til å frakte mannskap inn i leiteområda, seier Trond Hatlenes, som er operasjonsleiar i ved Sogn og Fjordane Politidistrikt

Sakna asylsøkar

SAKNA: Mannen er av eritreisk opphav.

Foto: Politiet

40 personar frå Sivilforsvaret i Årdal og Aurland, Norsk Folkehjelp, Røde Kors og Norske Redningshundar deltek no i leitinga etter den 24 år gamle mannen som har vore sakna sidan torsdag føremiddag.

Sist sett torsdag ettermiddag

– Den siste sikre observasjonen som skal vere gjort av mannen er ved Naturhuset på Skåri i Utladalen om lag 14.30 torsdag, seier Hatlenes.

Mannen vart også observert ved 12-tida torsdag, då han kom med bussen frå Årdalstangen.

Leitemannskap i Årdal

LEITAR I TUROMRÅDET: 40 personar deltek i leitinga etter den sakna mannen får Eritrea i Årdal.

Foto: Truls Grane Sylvarnes

–Fotpatruljer søker no igjennom Utladalen, Moadalen, og området der han bur. Det blir og gjort finsøk langs elva Utla.

Det er og patruljer som søker i terrenget opp mot Vetti og Avdalen.

– Det er og planlagt å søke i hytteområde på Vettismarki.

Trur mannen har vore på tur

Søket vart starta seint fredag kveld då mannen ikkje hadde vore sett sidan føremiddagen torsdag. Så langt står politiet utan spor etter 24-åringen.

Politiet har tidlegare uttalt at dei ikkje mistenker at det skal ha skjedd noko kriminelt. Dei trur hell ikkje at han har reist frå Årdal, for både mobiltelefon og lommebok ligg igjen på bustaden hans.

– Vi held fram leitinga med full styrke ut over dagen og kvelden, seier Hatlenes