Hopp til innhold

Regjeringa lova at flyplassane skal få leve - reknar samstundes på nedlegging av Anda

Regjeringa har lova at ingen flyplassar i Sogn og Fjordane skal leggjast ned, men har samstundes tinga ei utgreiing om nedlegging av Sandane lufthamn Anda. Ordførar Anders Ryssdal i Gloppen er opprørt.

Sandane Lufthamn Anda

MØRKE SKYER: Framtida til Sandane lufthamn, Anda, er igjen eit tema.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Anders Ryssdal

LEI UVISSA: Ordførar Anders Ryssdal i Gloppen vil ha slutt på at det blir stilt spørsmål rundt framtida til Sandane lufthamn, Anda.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det er skremmande viss dei gjer vurderingar rundt Sandane lufthamn, når ein veit kva nytte den har for Nordfjord, seier Ryssdal (Sp) til NRK.no.

Rakna på flyplasskutt i E39-rapport

I den ferske rapporten som slår fast at alternativet med den såkalla midtre linja for E39 i Nordfjord (bru Anda-Lote og Voldafjorden) blir seks milliardar dyrare enn indre linje via Stryn (med tunnel gjennom Utvikfjellet), har Samferdsledepartementet bede Statens vegvesen om å finne ut kor mykje pengar storsamfunnet kan spare på å leggje ned flyplassen på Sandane.

Statssekretær «freda» flyplassane 6. mars

Det er stikk i strid med bodskapen frå statssekretær John-Ragnar Aarset (Frp) i same departementet for nokre veker sidan. Under flyplasskonferansen i Førde 6. mars sa han dette til NRK:

John-Ragner Aarset

KOM MED LOVNADER: Statssekretær John-Ragnar Aarset sa tidlegare i mars at ingen av dei fire flyplassane i Sogn og Fjordane er truga.

Foto: Hallgeir Braastad / NRK

«Dette er jo ikkje ei aktuell sak her i Sogn og Fjordane. Det er ikkje slik at vi har nokre lufthamner her i Sogn og Fjordane i kikkerten med tanke på at desse skal vi legge ned.»

Aarset opna jamvel for at betre vegnett i framtida kan føre til at flyplassar blei lagt ned, men han understreka altså at ingen flyplassar var under lupa nær framtid.

– Tvilsamt

Lenge før Aarset sitt flyplassintervju med NRK, hadde Samferdsledepartementet alt tinga nedleggingsutrekninga. Den vart gjort like etter samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) sitt besøk langs dei ulike E39-traséalternativa i Nordfjord i januar.

Den 19. februar var svaret frå Statens vegvesen klart. Dei skriv at deira transportmodell ikkje er innretta mot luftfart, men har kome til eit førebels overslag på 2,5 milliardar i samfunnsnytte for 40 år ved nedlegging.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Kjetil Solvik Olsen

TINGA UTREKNINGA: Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) under stamvegkonferansen i Ørsta i samband med E39 rundreisa i Nordfjord og på Sunnmøre i januar.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ordførar Ryssdal likar dårleg dobbelkommunikasjonen frå regjeringa.

– Det er tvilsamt, og det er ikkje komne innspel til Gloppen kommune om at ein skal leggje ned Sandane lufthamn. Den har eksistert sidan 1975, og det er over 40.000 reisande som nyttar flyplassen årleg. Det blir heilt feil å leggje ned eit slikt tilbod, meiner Ryssdal.

Statssekretær forsvarer kollegaen

Statssekretær Jon Georg Dale (Frp) i samferdselsdepartementet forsvarar uttalene frå sin kollega John Ragnar Aarset..

– Det regjeringa skal ta ei avgjerd om, er trasévalet for E39 på aksen Stavanger - Trondheim. Det er eit traséval som uansett ikkje kjem til å bli avgjort av ei enkelt lufthamn. Men vi har bede om ei tilleggsutgreiing som gav oss eit breiast mogleg grunnlag, seier Dale til NRK.no.

– Men statssekretæren sa at ein har ingen konkrete flyplassar i sikte, og at det ikkje er aktuelt å leggje ned flyplassar. Samstundes har ein tinga ei konkret utrekning for nedlegging av ein konkret flyplass?

Jon Georg Dale

DYSSAR NED REKNESTYKKE: - Vi ser ikkje på framtida til Sandane lufthamn no, seier statssekretær Jon Georg Dale (Frp).

Foto: Arild Pettersen / NRK

– Nei. Det Aarset sa, og som også eg seier no - og som det er full tilslutning til i heile Samferdsledepartementet - er at vi ser ikkje noko grunn til å gå inn på enkelte lufthamner no. Men det er også slik at viss vi skal vurdere lufthamnstruktur i det store biletet, så vil det bli vurdert stort, utan at vi føregrip kva slags lufthamner som er i posisjon til det på kort sikt. Eg ser ikkje bort frå at regjeringa meiner det er fornuftig å sjå på lufthamnstrukturen på lang sikt, men det vil ikkje vere som ein følgje av arbeidet med traséval for E39.

– Ingen planar i nær framtid

– Forstår du at forkjemparane for Sandane lufthamn blir uroa når departementet ber om ei konkret utrekning på nedlegging av nettopp denne flyplassen?

– Det forstår eg, men eg håpar at det regjeringa no seier faktisk verkar roande på dei. Vi har sett på kva slags verknader ny infrastruktur kan å seie på lang sikt. Det betyr altså ikkje at det ligg føre planar om avvikling av lufthamner i nær framtid, seier statssekretæren i Samferdsledepartementet.

I Gloppen håpar Sp-ordføraren på si side ro rundt den lokale flyplassen.

– Det blir litt slik at ein stadig stiller spørsmålsteikn ved Sandane lufthamn, og då kjenner ein jo at flyplassen er truga. Når ein veit at det er investert 120 millionar og at den tilfredsstiller dei strengaste tryggleiksreglane, så er det tvilsamt, seier Anders Ryssdal.