Hopp til innhold

Har planar om 25 nye vindmøller

Vestavind Kraft har starta planleggjinga av eit større vindkraftanlegg i Fjaler.

Vindmøller 2010

SLIK KAN DET BLI: Dette kan bli ein realitet på Folkestad i Fjaler. Biletet er frå Kråkenesfjellet i Vågsøy.

Anlegget er planlagt på Folkestad i Fjaler, og omfattar 20-25 vindturbinar med ein samla årsproduksjon på 130-195 GWh. Investeringa vil kunne komme på ein storleik på 600-950 millionar kroner, skriv Firda.

- Eg er i utgangspunktet positiv til vindkraft, så lenge det er i passe dosar, seier Fjaler-ordførar Arve Helle til NRK.

Ifølgje Firda berører sjølve vindkraftanlegget 15 grunneigarar i kommunen.

Arve Helle presiserer at han personleg gjerne ser at det vert reist ein vindmøllepark i Fjaler, og at saka ikkje har vore handsama politisk.

LES OGSÅ:

- Dersom begge dei to planlagde vindparkane blir realiserte, vil det bety 10-12 millionar kroner i eigedomsskatt. Det er mykje pengar for ein liten kommune, seier ordføraren.