Hopp til innhold

«25 prosent var det eg vil kalle tunge tider»

Etter fire månadar i kajakk frå svenskegrensa i aust er Eilif Rosnæs og Kristian Reinskau Knudsen endeleg framme ved målet ved russegrensa i nord.

Eilif Rosnæs nærmar seg målet

SNART FRAMME: så langt nord ein kan kome med dårleg veir i ryggen.

Foto: Eilif Rosnæs

– Det er utruleg rart å vere tilbake på skulebenken i Sogndal igjen. Padling har blitt røynda vår, alt anna kjennest langt vekke. Det var rart å kome i mål etter 3250 kilometer, stå på stranda og vere ferdig. I luftlinje så har vi padla heilt til Marokko i Afrika, seier Eilif Rosnæs.

Saman med kameraten Kristian Reinskau Knudsen har han padla Noreg på langs. Turen starta 3. mai ved svenskegrensa, og 9. september var dei endeleg framme ved grensa til Russland. Dei to studiekameratane har brukt dei to siste åra på å planlegge turen.

– Det meste har gått som vi hadde tenkt. Det vil seie, vi visste ikkje heilt korleis turen ville bli, for det går ikkje å detaljplanlegge ein tur på fire månadar. Vi prøvde så godt vi kunne å tileigne oss kunnskapar og ferdigheiter på førehand, og la oss sjølvsagt i hardtrening, fortel Rosnæs.

  • LES OGSÅ:

VIDEO: Eilif og Kristian nærmar seg målet etter 3250 kilomter i kajakken.

Har tatt ein million padletak

Dei starta med dei lettaste etappane, og bygde seg opp til å tole lengre og tøffare strekningar.

– Vi hadde trudd at vi skulle få meir overskot av energi etter kvart, men slik vart det ikkje. Det var ti–elleve timar med padling, seks dagar i strekk, så ein dag fri, seier han.

Med tunglasta kajakkar hadde det ikkje gått mykje fortare uansett, trur Rosnæs. Han legg til at dei heller ikkje padla for å fullføre turen raskast mogleg, men for å nyte opplevingane og få med seg livet langs kysten.

(artikkelen held fram under biletet)

Kajakkcamping på Sotra

KREATIV LEIR: Campingplass på ei lita øy rett sør for Litle Sotra.

Foto: Eilif Rosnæs

– For oss var det meir enn ein padletur. Vi ville ikkje padle forbi turen. Andre padlar kanskje turen på tre månadar, med det ville ikkje vore noko for oss. Eg trur vi ville blitt meir slitne, og heller ikkje fått dei gode opplevingane vi no sit igjen med. Det var ikkje tøffare enn vi hadde tenkt, og eg hadde vel trudd vi ville gå på tøffare smellar, seier Rosnæs.

Fann motivasjon i kvarandre

Likevel var det også mange strie tørnar for dei to studiekameratane som møttest i Lurkarlaget, studentfriluftslaget ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

– Samla sett trur eg 25 prosent av tida var det eg vil kalle tunge tider. Heldigvis hadde vi ikkje nedturane på same tid, men kunne hjelpe kvarandre slik at vi fekk henta oss inn igjen.

Eilif hadde problem med skuldrene, medan Kristian både sleit med søvnen og armane.

– Vi var aldri inne på tanken om å gje opp. Vi var av og til redde for at kroppen ikkje skulle takle påkjenningane men vi mangla aldri motivasjon, understrekar Rosnæs.

Han fortel også om mange fine møte med gjestfrie og opne folk langs kysten.

– Ved Duevåg på Hamarøy i Lofoten var det ganske tungt. Kristian sleit med søvnen, og eg var usikker på korleis dette skulle gå og kor lang tid vi måtte ha pause før vi kunne fortsette. Då fekk vi hjelp av nokre som hadde sommarhus der. «Herr og fru Empati» innlosjerte oss i tre dagar slik at vi fekk henta oss inn igjen.

Også på bloggen deira kjem det tydeleg fram at det har vore mange uventa og kjekke møte for dei langvegsfarande. Ein plutseleg konsert i Bergen, og opphald på både spa og hotell.

– Vi blei tatt i mot med opne armar over alt, det er heilt fantastisk.

(artikkelen held fram under biletet)

To glade karar etter 3250 kilometer i kajakk.

VED MÅLET: etter fire månadar og 3250 kilometer i kajakk.

Foto: Eilif Rosnæs

Tek pause frå padling og kvarandre

No er dei to klare til å konsentrere seg om studiane i fornybar energi igjen. Dei gler seg til å starte på skulen og kome inn i vante rutinar igjen.

– No må vi ha litt avvenjingstid frå kvarandre. Vi har jobba mot dette målet i to år. Det siste eit og eit halvt året budde vi saman for å gjere det enklare med trening, skule og planlegging. Vi har vore gode vener på turen, og er framleis det, men no må vi prøve å vere litt frå kvarandre. Vi har kjøpt kvar våre middag no, så vi startar i det små, seier Rosnæs og flirer.

– Ville du teke same turen igjen?

Eilif dveler litt før svaret kjem.

– Eg trur ikkje det. Ikkje no i alle fall, men eg angrar ikkje. Å vere vekke i fire månadar er lenge. Eg hadde nok gjort det igjen om det var første gongen, og eg ikkje visste korleis det var. Samstundes er det fleire deler av kysten vi ikkje har sett, så eg kan absolutt tenkje meg å padle langs Norskekysten igjen, men då gjerne i kortare etappar. Så eg må nok svare eit førebels nei på det spørsmålet, avsluttar Rosnæs.