Hopp til innhold

– Det har vore oppturar og nedturar

2603 kilometer på sykkelsetet på 19 dagar. Det betyr bokstavleg talt både sveitte og tårer – og ei oppleving for livet.

Christine Af Geijerstam syklar Norge på langs

MOTVIND: Biletet er teke når dei to er på veg gjennom Lofoten. Her vart viljestyrken sett på prøve med milevis i sterk motvind.

Foto: Jan Erik Søreide/Christine Af Geijerstam

Å sykle Norge på langs er ikkje for pyser, og dei to studiekameratane Christine Af Geijerstam frå Lavik og Jan Erik Søreide frå Høyanger er alt anna enn det.

Seint laurdag kveld endeleg fram til målet for turen sin – Lindesnes. Då var det 19 dagar sidan turen starta på Nordkapp.

– Det er så stort når du står der, og det var så herleg å vere ferdig. Eg trur nok det tek nokre dagar før det går inn, seier Christine til NRK.no.

– Då vi såg fyret, og kom dit til ein velkomstkomite med litt brusande vatn og jordbær. Det var heilt herleg. Det var verdt kvar einaste sveittedrope vi har hatt på turen, stemmer Jan Erik i.

Skulle sykle åleine, men så...

26-år gamle Christine i vår ein spenstig plan. Ho skulle sykle Norge på langs, og i utgangspunktet hadde ho ingen turkamerat.

– Eg er i mitt livs form, har veldig lyst på ei utfordring og har ikkje lyst på charterferie i sommar. Så då fann eg ut at no gjer eg det, fortalde ho til NRK i mars.

Samtidig etterlyste ho ein turkamerat, og etter litt melde ein gamal studiekamerat si interesse. Jan Erik Søreide kunne nemleg ikkje la ein slik sjanse gå frå seg.

– Eg har eigentleg alltid hatt lyst å ta meg ein lengre ferietur i Norge, utan at eg heilt hadde tenkt at det skulle skje på eit sykkelsetet, flirer han.

Og som sagt så gjort. Dei to slo seg saman og la planar for korleis dei skulle ta seg dei vel 260 mila frå Nordkapp til Lindesnes. 17. juni var dei på plass i Honningsvåg, men der fekk turen ein litt kjedeleg start. Syklane kom ikkje med flyet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Christine Af Geijerstam skal sykle Norge på langs

PLANAR: Når du skal sykle Norge på langs må du planlegge.

Foto: Privat

Motbakkar, vind og regn

Då syklane endeleg kom sette dei venene seg like godt på sykkelsetet seint på kvelden og la ut på første etappe. Og så har det gått slag i slag. Med dagsetappar på nesten rundt 15 mil i eit landskap som går både opp og ned, og så opp igjen har det blitt ein prøvelse.

– Det har vore blanda. Det har vore oppturar og nedturar heile vegen, men det starta bra og avslutta bra.

– Det er dei gode periodane eg kjem til å hugse, men det har vore veldig tøffe dagar, og eg har vore freista til å hoppe på både buss og tog fleire gonger, fortel Christine.

På spørsmål om kva som har vore det verste kjem svaret ganske konstant. Motbakkar, regn og vind på same dag er på ingen måte det som har stått høgst på ønskelista.

– Det å stå opp om morgonen, du har sove dårleg, du har mange mil i beina, og så skal du sykle mange bil igjen. Så vaknar du til dårleg vêr og motvind, då er det ikkje kjekt.

– Den verste etappen var Lofoten, då hadde vi ti mil i motvind og regn. Det var tøft, fortel ho.

  • Sognejenta har blogga gjennom heile turen, og den kan du lese her (Ekstern lenke, NRK er ikkje ansvarleg for innhaldet).

(Artikkelen held fram under biletet)

Christine Af Geijerstam og Jan Erik Søreide framme på Lindesnes

ENDELEG: Dei to kan nesten ikkje setje ord på kor glade dei var då dei endeleg var framme på Lindesnes.

Foto: Privat

– Ei påkjenning

På førehand fortalde Christine at det aldri var noko alternativ å gje seg. Og sjølv om det har vore dagar der tårene har spruta og motivasjonen har vore på botn, så held ho fast ved at det aldri har vore noko alternativ.

– Det har jo ikkje det. Men eg har som sagt vore veldig lysten på buss av og til. Men hadde eg stått med ein buss, så trur eg ikkje eg hadde gått inn på den. Eg har truga med det når eg har vore sliten, svolten og veldig, veldig lei, flirer ho.

Også turkameraten hennar vedgår at det har vore ein tøff tur.

– Det har vore ei påkjenning både fysisk og mentalt. I forkant tenkte eg berre at dæven, det er jammen langt. Men vi har tenkt at vi må berre trakke på og gå på framover for å kome oss i mål, og så har vi prøvd å nyte det så godt som vi berre kan.

Og ja, ein får ilt i rumpa

At dei var to om det har betydd mykje.

– Det er noko med det, når du ser den andre klarar det, så henger ein på. Det har vore gull verdt, seier Christine.

Mange som har sykla sitt kjenner gjerne til kjensla av å bli litt stiv og støl både her og der, og ja, når ein legg bak seg mil etter mil på eit relativt hardt sykkelsete så kjennest det.

– Har du hatt ilt nokon plass?

– Morosamt at du spør, flirer Christine.

– Det har vore litt sitjesår, og det har vore dagar der eg har måtte trakke meg gjennom 15 mil fordi det har vore vondt å sitje. Og så har eg slite litt med eit kne, ein akilles og ei tå. Men det har gått greitt med litt smertestillande, seier ho.

– Er det viljen eller kroppen som har blitt testa mest?

– Absolutt det mentale. Det fysiske har eigentleg gått greitt. Ein har blitt sliten, men viljen til å stå opp og trakke 15 mil i regn, det er det som er verst.

– Ikkje nok med at du skal gjere det den dagen, men du skal gjere det dagen etter, og dagen etter og dagen etter, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jan Erik Søreide tek ein pust i bakken undervegs på Norge på langs

KVAR SIN TUR: Dei to har hatt kvar sine turar til å møte veggen. Her er det Jan Erik som må ta seg ein pust i bakken.

Foto: Christine Af Geijerstam

Då dei såg fyret gløymde dei alt anna

Planen var heile tida at dei skulle kome seg til mål på Lindenes laurdag kveld. For å greie det måtte dei gjennom to svært tøffe siste dagar. Fredagen la dei bak seg 19 mil og laurdagen vart det heile 25 mil.

– Vi hadde feilrekna siste etappen kraftig, og trudde vi skulle sykle litt over 20 mil, men så vart det 25. Og då vi trudde vi var nære målet, så var det tre mill att, seier Christine.

Men då dei endeleg skimta fyret på Lindesnes i det fjerne var alt gløymt.

– Du kjente ikkje at du var sliten, du kjente ikkje noko, seier ho og vedgår at ho trudde ho skulle kome til å grine då ho kom fram.

– Men det hadde vore meir grining tidlegare på dagen når alle motbakke kom, så eg var ferdig med det, ler ho.

Neste år blir det charterferie

Søndag ettermiddag er dei to på veg heim att til fjordfylket og framleis har dei to litt vanskar med å forstå kva dei har vore gjennom. No er berre spørsmålet om det blir reprise neste sommar. Begge ler når dei får spørsmålet og tvilar litt på det.

– Kva skal du gjere neste sommar?

– Då skal eg på charterferie, det er eg heilt sikker på, humrar Christine.

– Ja, du fekk nok no?

– Nei da, eg har ikkje fått nok. Men akkurat no er eg klar for å slappe av. Når eg har fått det litt på avstand og ikkje er så sliten og gløymer litt det vonde, så kan eg nok finne på noko nytt, gliser ho.