Hopp til innhold

Droppa å konfirmere seg - valde heller ein skikkleg manndomsprøve

14 år gamle Stijn van Oorschot i Bremanger gjer noko mange andre ikkje gjer. Han byter nemleg ut konfirmasjonen med ein skikkeleg manndomsprøve.

– Pappa spurde om eg ville vere med å gå Norge på tvers. Eg sa ja og har ikkje angra på det. Det var fint å vere aleine med pappa i seks dagar og eg har ikkje blitt lei av han, fortel han.

Vil ikkje konfirmere seg

Det nærmar seg våren og mange 9. klassingar er spente før den store dagen då dei skal konfirmere seg, anten det er borgarleg eller i kyrkja. Men for Stijn var ingen av delane eit alternativ.

– Det er mange som konfirmerer seg berre på grunn av pengane, seier han.

Den nederlandske familien van Oorschot bur i Davik i Bremanger. Dei flytta til Norge for 12 år sidan på grunn av naturen her.

Men sidan dei er nederlandske, har dei ikkje same trusbakgrunn og tradisjon som er vanleg i Norge. Rett nok har Stijn følgt konfirmantopplæring, men valde nyleg å droppe å konfirmere seg. Pappa Rogier fortel at sonen ikkje var så veldig interessert.

– Difor tilbydd eg han eit alternativ og det er å gå Norge på tvers. Det sa han ja til og no har vi teke første del av turen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stijn van Oorschot

LUNSJ: Her er det ein velfortent kvil. Rett etter pausen måtte dei snu på grunn av rasfare.

Foto: Rogier van Oorschot

Brukar alle skuleferiane

Planen er å gå Norge på tvers i etappar i alle skuleferiane i 2013. Dermed får dei oppleve fleire årstider og måtar å gå på. Det blir både på ski, til fots og det heile blir avslutta med padling i Nordfjorden i haustferien.

– Den første turen vår har vore veldig kjekk. Til tider har det vore slitsamt, men det høyrer med. Eg hadde ingen så mange forventingar på førehand, for eg visste ikkje så mykje om vêr og terreng, fortel 14-åringen Stijn.

Vakna i telt i 20 minus

Turen starta førre laurdag ved Grøvelsjøen i Sverige. Dei gjekk på ski over vatnet og grensa mellom Norge og Sverige går her. Då dei kryssa den, var turen offisielt i gang.

– Den første natta låg vi i telt ved Sylen. Det var 20 minusgrader då vi vakna og det snøa inne i teltet då vi pusta. Alt var fuktig, vått og kaldt. Skoa var også frosne. Det var vanskeleg å komme i gang utan å ha ved å lage bål med.

Andre dagen starta med mykje laussnø i motbakke. Dette gjorde det svært tungt å gå. Dei gjekk 14 kilometer før dei kom til ei DNT-hytte som ligg aust for Femunden.

(Artikkelen held fram under biletet)

Går Norge på tvers

KVITT: Dag to over fjellet, på veg mot Svukuriset. Det var dårleg sikt og tungt å gå.

Foto: Rogier og Stijn van Oorschot

Måtte brøyte seg fram i laussnøen

Enkelte dagar blei tøffare enn dei hadde sett for seg. Då dei skulle gå frå Femunden og over isen som var fire kilometer brei, såg dei ingenting.

– Vi måtte gå med kompass for å finne rett veg.

– Blei det tøffare tur enn de hadde trudd?

– Ja, det blei det. Å gå i motbakke i laussnø med pulk og brøyte i snøen, det er rett og slett veldig tungt.

Lang omveg på grunn av skredfare

Men dei to karane er sprekare enn mange andre. Rogier driv Norway Adventures og er ekstremt glad i friluftsliv. Sonen er aktiv fotballspelar og går mykje på ski.

– Vi er begge i god form. På førehand hadde vi testa å overnatte i telt i minus 18 grader. Eg driv med friluftsliv i jobben min og Stijn driv mykje med idrett, så begge spreke. I tillegg går vi toppturar jamleg.

Men sjølv om begge er godt trente, så møtte dei utfordringar på turen. Den tredje dagen fekk dei ein lang omveg på grunn av skredfare.

– Heile snødekket var ustabilt på grunn av nysnøen. Det drønna i snøen, og det er eit teikn på at der fare for snøskred. Vi torde ikkje gå mellom to bratte fjellsider, og valde å gå ein annan veg. Då blei det mange kilometer der vi måtte brøytte oss gjennom snøen.

Fin kvalitetstid saman

Etter seks dagar var dei framme ved målet sør for Tynset. I påska går turen herfrå og målet då er å komme over Rondane. Både far og son fortel om fantastiske naturopplevingar dei seks første dagane av turen.

– Det var flott utsikt over storslegen norsk landskap og vi fekk også sjå sol. Det var artig med mange ferske dyrespor, sjølv om vi berre såg ryper på fjellet.

Pappa Rogier er glad han gjorde dette saman med sonen sin.

– Dette var kvalitetstid ein-til-ein i ei heil veke. Vi fekk oppleve både opp- og nedturar, bokstaveleg talt. Det er godt for samhaldet. Det var også tanken bak denne turen. Vi har hatt det veldig morosamt i lag og ledd mykje.

– Men det viktigaste er at Stijn finn sin indre motivasjon og at han bestemmer dette sjølv. Det er ei stor styrke. Mange er ikkje bevisste på kva dei vel, seier Rogier.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stijn og Rogier van Oorschot

SLITNE: Her er to glade og slitne turkameratar etter ein lang og slitsam dag i Engådalsbua nær Narbuvoll.

Foto: Rogier van Oorschot

Kanskje også litt midtlivskrise?

Stijn fortel at han fått mykje støtte frå kompisane for valet sitt.

– Dei støttar meg og ønskjer meg lykke til. Det veit at eg ikkje er så kristen. Dei fleste konfirmerer seg for pengane. Eg angar ikkje på valet og tykkjer dette var ein veldig god ide av pappa, seier 14-åringen.

Pappa Rogier seier utgangspunktet var at sonen skulle få oppleve noko heilt spesielt.

– Men sidan det var mitt forslag, lurer eg på om det også er litt midtlivskrise for meg sjølv. Eg har ei flott kone som eg ikkje vil bytte ut med ei ny og eg har ikkje råd til Ferrari, så kanskje denne turen er mi form for krise, ler han.

– Er de klar for neste etappe i påska?

– Ja, svarer begge to entusiastisk.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.