Hopp til innhold

«Vi har vore heldige – når det først skulle vere så gale»

BREIM (NRK): Mykje arbeid er lagt ned etter at Gerd Inger og Kjell Risholm for snart eit år sidan blei råka av flaum. Torsdag er det meldt kraftig regnvêr, men ekteparet kjenner seg stort sett trygge.

Laster innhold, vennligst vent..

På tomta til ekteparet Kjell og Gerd Inger Risholm på Breim er det framleis synlege skadar etter vassmassane som herja med eigedommen deira under flaumen Nordfjord i fjor sommar.

– Vi har hatt ikkje hatt så grådig med vêr etter det. Men når det er skikkeleg regnvêr så høyrer eg etter lydar, men elles føler eg meg ganske trygg, seier Gerd Inger Risholm.

– Såg ikkje ut

Det var natt til 24. juli i fjor at Kjell Risholm vakna av kraftig torevêr, og stod opp for å slå av hovudbrytaren til straumen.

– Det gjekk ei stund, og eg syntest det var så forferdelege lydar ute. Då gjekk elva som ein av foss på begge sider av huset, og vi var ganske innestengde, fortel Gerd Inger Risholm.

– Etter at vassmassane herja gjennom eigedomen, korleis såg det ut her?

– Det såg vel eigentleg ikkje ut. Elva hadde trekt seg litt tilbake, men gjekk stri framleis. Det kom steinar, massar og forskjellig drivgods frå garasjen og naturen nedover, seier Kjell Risholm.

Meir arbeid

Elveløpet blei tidleg flytta etter at flaumen var over. Ekteparet har hatt gravemaskinar på tomta som har arbeidd med å setje eigedomen i stand. Steinmurar og ein del blomstrar er på plass, og framover skal fleire plantar, blomstrar og gras erstatte sand og stein.

– Vi har fått det nokolunde opp att som det var, men vi må så og plante til, seier Gerd Inger Risholm.

Kjell og Gerd Inger Risholm på eigedomen på Breim

ENDRINGAR: Mykje arbeid er lagt ned på tomta til Kjell og Gerd Inger Risholm etter flaumen i fjor. Nytt drivhus er på plass etter at det gamle blei øydelagt av vassmassane.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Det er på oppsida av tomta skadane enno er mest synlege og det står mest arbeid att. I garasjen ligg den gamle muren som blei pressa fram av vassmassane.

– På andre sida syner det tydeleg, for der er det omtrent slik det var. Elva kom rundt heile garasjeanlegget, gjennom garasjen og overalt, fortel Kjell Risholm.

Garasjen til Gerd Inger og Kjell Risholm, snart eit år etter flaumen

SKADAR: I garasjen kan ein framleis sjå synlege skadar etter herjingane til flaumen, då vassmassane slo muren inn.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Optimistar

Sjølv om det framleis står att arbeid, er dei optimistar, seier Gerd Inger Risholm.

Korleis har det siste året vore?

– Her har vore folk som jobba i kjellaren i månadsvis. Flinke folk vi har blitt godt kjende med. Det har vore vinter, så vi har kunne lagt det litt til sides, seier ho, som er glad for at huset ikkje blei øydelagt av flaumen.

– No synest eg eigentleg vi har vore heldige opp i det heile, når det først skulle vere så gale.