Hopp til innhold

Eli Kari kallar Magnus for mentoren sin

Vêrmeldar Eli Kari Gjengedal håper fleire får augo opp for det å lese naturen sine teikn på korleis vêret blir. Ho er redd denne kunnskapen elles døyr ut.

Kollasj Eli Kari og Magnus

VIKTIG: Eli Kari Gjengedal understrekar at slik vêrkunnskap som Magnus Skildheim sit på, er viktig å ta vare på.

Foto: Malene Vilnes/Vidar Gudvangen / NRK

– Den interessa Magnus Skildheim har for vêrvarsling og vêrteikn er unik. Han sit på svært mykje kunnskap, seier Eli Kari Gjengedal.

Magnus Skildheim i Vadheim har i mange tiår brukt teikn i naturen for å finne ut kva vêr vi har i vente. Han er ein populær kar som ikkje berre vert nytta av lokalaviser i fylket, men endåtil av både VG, Dagbladet og NRK.

For sjølv om vêrmelding er ein vitskap som opptil fleire meteorologiske instansar har kontroll på, er det mange som lit på varsla som Skildheim kjem med. Sjølv seier han at han til tider melder opp mot 90 prosent rett.

Takkar mentor for god hjelp

Då Gjengedal sjølv sette seg ned for å skrive ei bok om vêrteikn i Norge, henta ho mykje inspirasjon og hjelp frå vêrprofeten Magnus Skildheim i Vadheim.

Sidan har dei to hatt mykje kontakt

– Eg føler han har vore litt mentoren min. Utan den hjelpa eg fekk frå han hadde eg ikkje fått til ei så flott bok, seier Gjengedal.

I dag fyller Skildheim 80 år. Framleis er han like ivrig på å melde vêret, både for kortare og lengre tidsbolkar. Og det er Gjengedal glad for.

– Det er kjempeviktig kunnskap. Vêrteikn er ein stor del av kulturarven vår. Eg håper den yngre generasjon også interesserer seg i desse tinga, seier Gjengedal.

Har for lite tid i dag

Ho peikar på at vi i dag lever i eit langt travlare samfunn enn før, noko som fører til at mange, kanskje dei fleste, ikkje finn tid til å setje seg ned og sjå på dei teikna som naturen kjem med.

– Ein må få andre til å bli like interesserte i dette som Magnus, seier Gjengedal.

Ho meiner dette er kunnskap som er altfor viktig til å gå i gløymeboka.

Er ein utdøyande rase

Skildheim sjølv håper at nokon av barneborna vil få same interessa som han.

– Det er viktig, for vi er ein utdøyande rase. Det blir færre og færre av oss, men det er ein viktig kunnskap, seier Skildheim.

Han har sjølv lært seg mykje heilt frå barndommen av.

– Det å følgje med i naturen har følgt meg sidan barndommen, seier Skildheim.

Han var også damvakt, og då var det å kunne føresjå vêret ein viktig kunnskap.