Hopp til innhold

Har ikkje fått regnskur sidan i mars – Jens Reidar vatnar for harde livet

Bonde Jens Reidar Ljøsne og faren minnest ikkje sist det var så lite nedbør. Og det kan fort bli eit problem når du er avhengig av vatn til jorda.

Jens Reidar Ljøsne

FULLTIDSJOBB: Bonde Jens Reidar Ljøsne og faren bruker stort sett heile dagen på vatning.

Foto: PRIVAT

– Eg brukar stort sett heile dagen på vatning. Eg rekk ikkje så mykje anna, seier Jens Reidar Ljøsne.

Han driv gard på heiltid på Ljøsne i Lærdalsdalen. Området er kjent for det tørre klimaet. Men i år er det tørrare enn det pleier å vere.

– Vi slit med å hugse sist det var vått, seier Jens Reidar.

Han har fått med faren sin, så no er dei to som jobbar for fullt med vatning

I Vik driv Turid Haga Vange gard på Flatbygdi. Ho har måtte slå graset tre veker før ho normalt pleier å gjere det.

Ho var redd graset skulle byrje å svi.

– Konsekvensane kan bli store. No treng vi snart regn og godt vekstvêr.

Turid Haga Vange

TIDLEG SLÅTT: I Vik har Turid Haga Vange slått graset ekstra tidleg i år på grunn av tåke.

Foto: Privat

Middels til dårlege avlingar

Problemet med lite vatn, er at graset blir tørkestressa.

– Det kallar vi panikkskyting, seier Anders Felde, som er leiar i Vestland bondelag.

– Då blomstrar graset, men både kvalitet og mengde blir mykje mindre enn det vi hadde håpa.

Spesielt bønder med godt drenert jord står i fare for å få dårlege avlingar. Ikkje alle har tilgang til nok vatn for halde jorda fuktig.

I Rogaland derimot håpar bøndene at regnet let vente på seg. Førsteslåtten er på planen mange stader.

– Her håper vi faktisk at det ikkje kjem regn, slik vi får tatt slåtten, seier Marit Epletveit, leiar i Rogaland bondelag.

Turid Haga Vange

Turid Haga Vange

Foto: Privat

Ikkje nok til å fukte jorda

Men i Lærdal kunne bøndene tenkt seg nokre dropar som monna.

Statsmeteorolog Lars Andreas Selberg stadfestar at det er lenge sidan det kom mykje regn i Lærdal. Det kom nokre byer i mai, men berre i små mengder.

– Det var ikkje nok til å gi fukt i bakken. Det bør vere over 20 mm nedbør for at det skal vere ei rotbløyte. Sist det var over 10 mm her, var 31. mars, seier Selberg.

Heller ikkje framover er det venta dei store nedbørsmengdene.

– Det kjem kanskje nokre byer søndag og nokre dagar neste veke. Vi har ikkje ein klar situasjon om at «no kjem regnet», seier han.

Treng ein pust i bakken

På bruket i Lærdal har Jens Reidar Ljøsne 150 storfe, 200 mål med gras, og han dyrkar i tillegg tidlegpoteter og gulrot.

Han og faren er ute heile dagane med vatningsvognene. Han er heldig som har rikeleg med vatn å ta av frå Lærdalselvi. Men litt regn hadde vore godt. For dei må prioritere kor det er viktigast å vatne.

– Det hadde vore godt med ein pust i bakken og fått henta oss inn att litt.