Torsdag starta ein grasbrann på Sotra som spreidde seg forrykande utover ettermiddagen og kvelden. 500 personar er evakuerte.
Fredag
Fare langs heile kysten
Brannen på Sotra viser kor gale det kan gå, og kor vanskeleg det er å få kontroll over ein slik brann.
Og no ligg forholda til rette for fleire skumle situasjonar i store delar av Noreg.
Det er sendt ut gult farevarsel for skogbrann for Finnmark, Troms, Nordland, Trøndelag, Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland.
Laurdag kan det koma lokale regnbyer, men stort sett blir det opphaldsvêr. Søndag er sjansen større for nedbør, melder Meteorologisk institutt.
– Éi regnskur er ikkje nok
Men så tørt som det er no fleire stader i landet, så er ikkje enkelte regnbyer nok.
– No er det ikkje nok med ei regnskur. Når det er så tørt som det er no, så må det regna over fleire dagar for verkeleg å bløyta terrenget, seier Vidar Trettenes, Brann- og redningssjef i Sogn brann og redning IKS.
I Sogndal var
, då gnistar frå anleggsarbeid førte til ein lyngbrann.– Det skal ikkje meir til enn ein gnist og litt vind, så har du det gåande. Og gneistar frå bål kan bæra langt i vinden, seier Trettenes.
I helga er det meldt fint vêr mange stadar, og fleire har kanskje lyst å nyte solen saman med eit grillmåltid.
Trettenes minner om totalforbodet mot opne flammar i sommarhalvåret i skog og utmark. Det gjeld også eingongsgrillar.
13 helikopter i beredskap
Torgrim Log er professor ved Høgskulen på Vestlandet, og forskar på lyngbrann. Dei siste 60–70 åra har meir av kystlandskapet grodd att med høg lyng og einebuskar.
– Høg lyng tørkar fort, blir meir brannfarleg og har meir masse som brenn. Einebuskar har mykje olje i seg og den brenn som berre søren. Kombinasjonen er høgst uheldig, seier Log
Frå 15. april er det helikopter i beredskap for å sløkka skogbrannar. Men DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) vurderer to gonger i veka om det skal settast inn fleire helikopter i beredskap, ut ifrå korleis vêr og brannfaren er.
– Denne helga vil det vera 13 helikopter i beredskap, seier Elisabeth Sørbøe Aarsæther, direktør i DSB.