Hopp til innhold

Har funne årsaka til dødsulukka

Politiet i Stryn har no funne ut kva som var årsaka til luftsportsulukka i Loen 13. januar. Ein mann i 30-åra frå Nordhordland omkom i ulukka. Videoopptak av utspranget har vore avgjerande i etterforskinga. – Opptaket viser at skjermen ikkje får tilstrekkeleg oppdrift i det utspranget skjer, seier politioverbetjent Jan Tore Sunde. Det er ikkje mistanke om at andre forhold medverka til ulukka.

Bilete frå Loen skylift etter alvorleg luftsportulykke
Foto: Benedikte Grov / NRK