Hopp til innhold

Har framleis stor tru på vikingfilm - ber om meir pengar for å komme igang

Manusforfattar Randi Førsund frå Hyllestad har ikkje gitt opp håpet om å få realisert ein vikingfilm til drygt 100 millionar i Sogn. Etter 15 års arbeid med filmprosjektet søkjer Førsund no på ny Hyllestad kommune om støtte.

Hemnen

PÅ SYNFARING: Her er Randi Førsund og Nils Gaup på synfaring i Sogn. Begge har framleis stor tru på prosjektet (arkivfoto)

Foto: Oddleiv Apneseth

Randi Førsund seier prosjektet nærmar seg realisering og håper på snarleg oppstart.

– I beste fall håper eg at innspelinga kan starte til hausten, elles er det neste sommar som er aktuelt. Men dette er ikkje fastsett enno, seier ho.

Det har vore stille i to-tre år no, men spelefilmplanane med ein venta prislapp på over 100 millionar kroner, er ikkje lagt døde.

– Det går mot realisering og spennande tider, seier ho.

Manglar framleis pengar

Randi Førsund og Nils Gaup

Randi Førsund vil lage film basert på ein sann historie. Ho har fått støtte hos filmregissør Nils Gaup.

Foto: Sjur Kleivdal

Hemnen er basert på ei sann historie knytt til kong Magnus Berrføtt rundt år 1100. Planen er å spele inn filmen på lokasjonar i Hyllestad, Balestrand og Vik, i tillegg til Irland. No har manusforfattaren knytt til seg irske produsentar, men finansieringa er på langt nær i boks.

– Prosjektet er reiselivsretta og formidlar norsk kulturarv, fjordar og vikingar. Difor vil vi prøve å få med ein del norske investorar innan reiseliv.

Positiv ordførar

Gjennom selskapet Leggbit har Førsund søkt Hyllestad kommune om 50.000 kroner i tilskot til avslutning av forprosjektet for filmen. Frå før har ho fått 450.000 av kommunen og 350.000 frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. Hyllestad-ordførar Jan Olav Gjerde (Ap) seier han i lang tid har hatt tru på filmprosjektet.

– Dei siste åra har det teke ei positiv vending og eg har endå større tru på at filmen kan bli ein realitet. Personleg er eg innstilt på at vi skal hjelpe Randi Førsund vidare og eg vil argumentere for at vi skal gi denne løyvinga, seier Gjerde.

Populært med vikingfilmar

Også regissør Nils Gaup seier han framleis tru på prosjektet.

– I desse tider er vikingfilmar igjen på agendaen og mange som har lyst å sjå slike filmar. Eg trur dette kan bli ein stor film. Kor tid filmen eventuelt er ferdig er ikkje opp til meg, men til produsentane om korleis dei klarer å finansiere filmen, seier Gaup.

Randi Førsund håpar å ha klart forprosjektet og ein signert avtale med irske produsentar i juni.