Hopp til innhold

Satsar vidare på vikingfilm

Vikingfilmen «Hemnen» kan vere eit steg nærare realisering.

Randi Førsund og Nils Gaup

MØTE I HYLLESTAD: Randi Førsund og Nils Gaup satsar på å lage vikingfilm.

Foto: Sjur Kleivdal

I dag var det eit møte i Hyllestad der det vart bestemt at ei gruppe skal jobbe fram mot sommaren med eit forprosjekt.

Målet er å setje opp eit budsjett for filmen og lage lage eit salsprospekt for å selje filmen inn til produsentar. Til denne jobben trengs det 1,5 millionar kroner.

Det skal også gjerast eit arbeid med å å bearbeide manuset vidare.

Gruppa består av fylkeskommunen, Hyllestad kommuen, Vestnorsk filmsenter, Sparebanken Sogn og Fjordane og fleire andre støttespelarar.

I ti år har Randi Førsund jobba med filmprosjektet «Hemnen». Med seg på laget har ho filmregissørane Fridrik Thor Fridriksson og Nils Gaup.

Viss filmen til Førsund blir realisert, blir truleg sluttsummen 120 millionar kroner, noko som er over dobbelt så dyrt som filmane storfilmane «Kautokeinoopprøret» og «Max Manus».