Randi Førsund frå Hyllestad i Sogn har jobba med filmprosjektet «Hemnen» i ei årrekkje. No har ho fått med seg ein politisk tungvektar på laget.
Pustar letta ut
Tidlegare stortingspolitikar for SV, Olav Gunnar Ballo frå Finnmark, er nemleg blitt styreleiar for prosjektet. Det vart klart på eit styremøte i Alta i helga.
– Eg må seie eg pustar litt letta ut her eg sit på flyplassen i Alta, seier Randi Førsund på telefon til NRK.
Frå før har ho med seg den Oscar-nominerte finnmarksregissøren Nils Gaup. Det er dei tre som til saman utgjer styret for filmprosjektet.
- LES OGSÅ:
– Viktig og nyttig mann
– Kva betyr det for deg at ein tungvektar som Ballo er med på prosjektet?
– Det er veldig viktig. Han er fyrst og fremst tidlegare stortingsmann. Han har også vore med bak kulissane på filmen «Kautokeino-opprøret».
– Men har Ballo filmkompetanse å bidra med?
– Nei. Men paradoksalt nok er det filmfaglege berre ein liten del av eit så stort prosjekt. Men Ballo har ein kompetanse som er nyttig og viktig i denne fasen, seier Førsund.
Kan ikkje mykje om film, men...
Ballo sjølv gledar seg over å vere med på prosjektet.
– Eg synes det er eit usedvanleg spennande prosjekt. Eg ser parallellar mellom Finnmark og Sogn og Fjordane. Eg kjenner Nils Gaup godt. Så då tenkte eg at dette ville eg også vere med på.
– Men kor mykje kompetanse har du på film?
– Eg er ikkje med fordi eg kan så mykje om film. Men ein treng nokon som kan jobbe opp mot styresmaktene. Nokon som kan vere eit bindeledd mellom det kunstnariske og det politiske, seier Ballo.
Treng 120 millionar
Han får ei stor oppgåve med å sanke inn pengar til filmen. Den har foreløpig eit totalbudsjett på 120 millionar kroner.
Men det kan endre seg undervegs. Verken Ballo eller Førsund vil ut med kor mykje dei har samla inn til no.
Men det har kome offentleg stønad frå fleire hald.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Eg vil vere veldig forsiktig med å forskottere dei moglegheitene vi har til å skaffe midlar. Dette er eit langsiktig arbeid.
– Det er viktig å ikkje overselje noko på eit tidleg tidspunkt. For det vil slå tilbake på oss sjølve, seier Ballo nøkternt.
Skreiv manus 13 år gammal
Randi Førsund fekk fyrst ideen til filmen, som skal utspele seg i vikingtida, då ho var 12 år gammal.
Eitt år seinare hadde ho skreve ferdig eit manusutkast. I 1999 begynte ho å jobbe med prosjektet profesjonelt.
– I frå 2002 satsa eg med hud og hår. Så neste år er det 10 år sidan fyrste gong eg banka på døra til Sogn og Fjordane fylkeskommune. Då blir det jubileum, ler ho.
– Korleis er det å sjå eit prosjekt du har jobba med nesten heile livet nærme seg realisering?
– Eg føler eg har vore på ei lang reise, som har lært meg utruleg mykje. Eg har ei stor oppleving av lukke. Det er ei veldig, veldig, veldig, veldig god kjensle, strålar Randi Førsund.