Hopp til innhold

«Hemnen» kan bli filma alt neste sommar

Randi Førsund sitt store filmprosjekt «Hemnen» får 500.000 kroner frå fylkeskommunen. Går alt etter planen, trur Førsund på filmstart neste sommar.

Hemnen

PÅ SYNFARING: Her er Randi Førsund og Nils Gaup på synfaring i Sogn.

Foto: Oddleiv Apneseth

– Dette er jamgodt med full utteljing. Mitt hovudmål har vore å få med fylkeskommunen på laget, fortel Randi Førsund til nrk.no.

Ho er klar til å ta runden til investorane ho har lokalisert, og ser for seg oppstart på filmen innan 2013.

– Vi kan i beste fall vere klare neste sommar. Utan denne halve millionen, ville dette teke ubehageleg lang tid, seier Førsund.

Har fått 250.000 før

Tysdag vedtok hovudutval for plan og næring å gi selskapet Leggbit AS 500 000 kroner. Førsund eig selskapet Leggbit AS, og er styremedlem saman med Nils Gaup, medan Ole Gunnar Ballo er styreleiar.

Fylkeskommunen har tidlegare støtta filmprosjektet med 250.000 kroner, skriv firda.no. Førsund søkte om 700.000 kroner, men er stornøgd med å kunne kassere inn ein halv million.

– Dette var ei utløysande tildeling

– Manuset er nesten ferdig, men det har teke lang tid. Vi har også lagt ned eit enormt arbeid i forhold til investorar. Denne tildelinga var utløysande for at vi skal få ferdig prosjektet og leggje det fram for investorane, seier Førsund.

Heilt sidan tidleg i tenåra har Førsund, som er frå Leirvik i Sogn, hatt ein draum om å realisere filmen «Hemnen». Dette er eit storprosjekt med hovudpersonen Gunhild, full av sognenatur og mystikk frå vikingtida.

Dobbelt så dyr som «Max Manus»

Filmen, som er kostnadsrekna til 120 millionar kroner, skal ha handling frå vikingtida. Til samanlikning vil filmen bli over dobbelt så dyr som kassasuksessen «Max Manus», som i si tid kosta om lag 50 millionar kroner å produsere.

Førsund er oppgitt over kritikarar som meiner prosjektet ikkje er liv laga.

– Eg stiller for det første spørsmål ved både bakgrunnen og kompetansen til desse kritikarane. Eg hadde ikkje fått med meg dei folka eg har på laget, dersom realismen i prosjektet var så dårleg som einskilde vil ha det til, seier Førsund

Meiner filmen betyr mykje for fylket

For fire år sidan fekk ho med seg regissør Nils Gaup på laget. Han har tidlegare sagt at filmen har internasjonalt potensial.

– Denne filmen betyr mykje for Sogn og Fjordane, både i eit historisk perspektiv, men også reiselivsmessig, seier Førsund.

Førsund gjekk i 2008 knallhardt ut mot Norsk Filminstitutt, og skulda dei mellom anna for Oslosentrering og arroganse.

– Skal dei halde på sånn som dei gjer no, får dei kalle seg Oslo- og Akershus filminstitutt. Det er veldig mange regionar som er fortvila over situasjonen, sa Førsund til nrk.no den gongen.