Hopp til innhold

Vart sjokka då han høyrde at ungdom frå fylket er tyngst i landet

Må skulane ta meir ansvar for å sikre at ungdomen ikkje blir tyngre? Ja, meiner stortingspolitikar, medan skulesjef er skeptisk.

Tor Bremer

SKAKA: Tor Bremer meiner vektutviklinga blant unge er svært alvorleg og meiner noko må gjerast strakst for å snu den negative trenden.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Skulane må ta eit større ansvar i framtida for å motverke overvekt. Det er den klare bodskapen til stortingsrepresentant Tor Bremer frå Ap.

Han var mildt sagt stor i augo då han fekk høyre at ungdomen i Sogn og Fjordane har blitt tyngst i landet.

– Eg skal vere ærleg. Eg vart nesten sjokka då eg høyrde det, seier Ap-politikaren til NRK.no. No ber han skulane ta eit tak for å stogge den negative utviklinga.

– Skulen kan ikkje dra lasset åleine

Tal frå forsvaret sine sesjonar ber bud om ei dyster utvikling for ungdomen frå fjordfylket. Unge menn blir tyngre og tyngre, snittvekta er høgast i landet og det er også i Sogn og Fjordane folk legg på seg i raskast tempo.

Sjølv om Bremer no vil at skulane skal ta meir ansvar, meiner skulesjef i Eid, Harald Sivertsen, at det går ei grense for kor mykje skuleverket kan ordne opp i.

– Skulen kan ikkje ta ansvar for alt. Vi er alle sjølvstendige individ. Vi er sjølvstendige vaksne og har ansvar for eigne liv. Det er ikkje skulen sitt ansvar at alt skal gå bra, vi må iallfall dra lasset i lag, seier Sivertsen til NRK.no.

Også han er uroa over sjokktala om at ungdomen i fylket er blitt tyngst i landet og i snitt har lagt på seg vel sju kilo dei siste 14 åra. Sivertsen meiner foreldre og lokalsamfunnet må ta eit ansvar for dei unge sin livsstil.

(Artikkelen held fram under biletet)

Harald Sivertsen

ALLE: Harald Sivertsen synst det blir for enkelt å seie at skulen åleine skal ta ansvar for at ungdom ikkje blir overvektige. Han meiner alle må dra lasset saman.

Foto: Asgeir Reksnes(MMS) / NRK

«Ikkje drikk med mat i munnen»

På kontoret sitt kan han syne fram eit falmande dokument av ei gammal tannrøktarbok frå 1968. Opp gjennom åra har det blitt gjort mykje narr av det som står der, men det spørst om det er mykje av den gode gamaldagse sunne fornufta fleire må velje å leve etter.

– Alt snop og småeting mellom måltida er strengt forbode. Brødet skal vere grovt og minst to dagar gammalt. Et ei gulrot eller eit eple etter du har ete skulematen din og drikk ikkje med mat i munnen, les skulesjefen frå lista over levereglar.

Sjølv om det er noko av det som berre er å le av, så spørst det om det har blitt for lite grovbrød, vatn og mosjon for ungdomen i Sogn og Fjordane.

Ein time fysisk aktivitet om dagen

Helserådgjevar fos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Bjørn Eikum Tang, seier utviklinga er kritisk for folkehelsa. Ho meiner dei ansvarlege snarast må sjå alvoret og få på plass meir aktivitet i skulen.

– Dette er ein helserisiko og noko bør gjerast. Det at vi ikkje har fått til ein time med fysisk aktivitet kvar dag i skulen, er berre sørgjeleg, seier ho til NRK.no.

Eikum Tang meiner at det å innføre aktivitet i skulen, vil nå alle, uansett sosial bakgrunn og kva livsstil foreldra har.

– Det er mange tilbod utanom skuletid, men det er ikkje alle som blir med på aktivitetar utanom skuletid.

Støttar opp om forslaget

Også stortingsrepresentant Tor Bremer er skaka over vektutviklinga.

– I likskap med mange andre så har eg kanskje hatt oppfatninga av at vi er livsstilsfylket og at alt er så bra her samanlikna med andre fylket. Og ja, det er mykje bra, men dette er alvorleg, seier Bremer og er krystallklar på at noko må gjerast.

Eikum Tang sitt krav om ein time med fysisk aktivitet i skulen er eit også Bremer har sansen for. Bremer som sit i utdanningskomiteen på Stortinget håpar noko skjer raskt.

– Konkret så er det dette som er målet, men om det blir akkurat ein time er usikkert. Men det er i den retninga vi må gå, seier han.

Må jobbe mot ei løysing

Bremer meiner også skulane lokalt har eit ansvar utan at Stortinget treng å gjere vedtak.

– Det finst til døms skular som ved å omorganisere skuledagen har innført ein halv time fysisk aktivitet dagleg, seier Bremer.

– Men går det ikkje ei grense for kor mykje skulen skal greie og kor mykje tid elevane skal bruke på skulen, også i forhold til det å innføre ein time fysisk aktivitet?

– Dette er ein politisk diskusjon som går heile tida. Dette er ei utvikling vi må ta med oss. Overvekt, dårleg kosthald og mindre fysisk aktivitet er eit problem, og det er noko vi tydeleg ser i skulen, seier Bremer.

Vil ha slutt på «skuleskyss»

Tilbake i Eid seier skulesjef Harald Syvertsen at han ikkje har noko imot meir kroppsøving i skulen generelt. Men etter mange år i skuleverket er han usikker på om det har størst effekt.

– Eg trur det har blitt veldig mykje fokus på fysisk aktivitet og faget kroppsøving har blitt veldig lite elevstyrt leik. Det er dei vaksne som styrer det meste og eg trur nok det i forhold til mosjonen hadde vore vel så bra om ungane hadde fått leika og vore aktive utan at det alltid skal vere vaksne som styrer det, seier han.

Sivertsen har også eit klart råd. Foreldra må slutte med all køyringa av elevar til og frå skule.

– Eg trur mange av ungane hadde likt å gå til skulen, og då hadde dei også fått ein del av mosjonen sin.

Kva meiner du? Er ein time fysisk aktivitet i skulen løysinga? Eller er det noko heilt anna som må gjerast for å stogge den negative utviklinga? Sei di meining i kommentarfeltet under.