Hopp til innhold

– Kakekultur gjer bygdafolket feite

Treningsinstruktør Kari Jaquesson meiner kakekultur er ei av årsakene til at bygdefolket er overvektige i høve til byfolk.

Kari Jaquesson, saman med ein av grunnane til at bygdafolk er feite.

IKKJE OVERRASKA: Kari Jaquesson er ikkje overraska over at bygdefolket veg meir enn byfolket.

Foto: Montasje: Åge Andre Breivik(NRK)/Jørn Hundeman Andersen(NRK)/ScanStockPhoto/Knut Fjeldstad(Scanpix)

Biscotti, lefser, ostekake eller suksessterte kvar gong naboen eller svigermor kjem på besøk, kan vere ei medverkande årsak til overvektige bygdefolk.

Det meiner i alle fall kjendisinstruktøren Kari Jaquesson.

Sesjonstal frå Forsvaret for 2011 viser at unge menn frå Oslo i snitt veg seks kilo mindre enn dei tyngste i landet, som er jamaldringane i Sogn og Fjordane.

– Det er ei forventing om at når det kjem besøk, så skal du diske opp med kaker. Det er ein viktig del av kulturen, seier Jaquesson.

Kulturelle mønster

Tala er henta frå Levekårundersøkinga frå 2008. Denne undersøkinga er den einaste landsomfattande oversikta for norske vaksne si vekt siste åra, og er basert på svar frå kring 6 600 personar.

  • KVA MEINER DU? SEI DI MEINING NEDST I SAKA.

(Artikkelen held fram under avstemminga)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Undersøkinga seier ingenting om kvifor bygdefolket har nokre kilo ekstra på kroppen.

– Vi veit at inntekt og utdanning spelar inn på helse og vekt, men eg trur også mykje kan skuldast kulturelle mønster, seier fagsjef ved Folkehelsenistituttet, Sidsel Graff Iversen.

Må springe til T-bana

Iversen trur at mangelen på godt kollektivtilbod og ein større del bilkøyring på bygda spelar inn.

Jaquesson, som er aerobicinstruktør og journalist, er samd i det kan vere ein annan grunn til overvekt på bygda.

– I Oslo, uansett om du er aldri så lat, så må du liksom gå til T-bana og trikken, mykje meir enn om du bur ute på ei øy og må køyre bil for å komme deg nokon stad, seier ho.

Vil køyre bil

Jaquesson fortel at ho for nokre år sidan var på oppdrag på «landet».

Kroppsøvingslærarar i vidaregåande skule skal då ha fortalt at dei merka markant nedgang i fysisk form frå første til siste år.

– Kva skjedde frå første til siste? Jo dei fekk lov til å køyre motoriserte køyrety, og det gjorde dei så fort ein fekk lov til, seier Jaquesson.