Hopp til innhold

Har avslutta søk for kvelden i Årdal

Leitemannskapa står framleis utan spor etter den 24 år gamle mannen frå Eritrea som har vore sakna sidan torsdag føremiddag.

Leitemannskap i Årdal

LEITA I TUROMRÅDET: 40 personar deltok laurdag i leitinga etter den sakna mannen får Eritrea i Årdal.

Foto: Truls Grane Sylvarnes

– Søket er no avslutta for kvelden, men blir tatt opp igjen klokka 10 sundag føremiddag, seier operasjonsleiar Per Rimmen ved Sogn og Fjordane Politidistrikt, når NRK snakkar med han like før klokka 21 laurdag kveld.

Sakna asylsøkar

SAKNA: Mannen er av eritreisk opphav.

Foto: Politiet

Sjølv om søket er avslutta for kvelden kjem leitemannskapet til å ha lyttepostar ute i terrenget gjennom natta.

40 personar har delteke i leitinga

40 personar frå Sivilforsvaret i Årdal og Aurland, Norsk Folkehjelp, Røde Kors og Norske Redningshundar har delteke i leitinga etter den 24 år gamle mannen som har vore sakna sidan torsdag føremiddag.

Eit redningshelikopter gjennomførte laurdag søka frå lufta medan fotpatruljer søkte igjennom Utladalen, Moadalen, og området der han bur. Det blei og gjort finsøk langs elva Utla. Patruljer søkte også i terrenget opp mot Vetti og Avdalen

Fleire observasjonar

– Vi har fått inn nokre tips, men ikkje så mange, seier Rimmen.

Politiet har blant anna fått inn eit tips om ein observasjon på Vetti, som er gjort seinare enn den observasjonen klokka 14.30 ved Naturhuset på Skåri i Utladalen, som ein til no har rekna som den siste sikre observasjonen.

– I tillegg til søk ute i terrenget snakkar vi med folk i håp om å få nye opplysningar om kva som kan ha skjedd, seier Rimmen.

Men så langt står politiet utan sikre spor etter den 24 år gamle asylsøkaren som har vore sakna sidan torsdag.