– Eg har sjølv dårlege erfaringar med denne tunnelen, seier Hans Petter Galtung om Stavenestunnelen.
Han køyrer jamleg gjennom tunnelen som ligg på fylkesveg 60 mellom Stryn og Loen. For eit år sidan var han involvert i eit mindre uhell i tunnelen då eit vogntog kom over i hans vegbane. Då Galtung bremsa opp, køyrde bilane bak han inn i kvarandre og kjedekollisjon var eit faktum.
– Heldigvis vart det berre mindre materielle skader, fortel Galtung.
Etter uhellet tok han opp problemet med den låge standarden. Han etterlyste sikringstiltak frå Statens vegvesen, deriblant lågare fartsgrense.
– Den går i sving, den er mørk og er alt for trong – så større vogntog kan bli tvinga til å køyre over midtstripa, seier han.
– Må tilpasse farta
Svenn Egil Finden er avdelingsdirektør i vegavdelinga i Statens vegvesen. Han seier det vil bli gjort tiltak på vegstrekninga og i tunnelen. Deriblant blir veggane måla kvite for å gjere tunnelen lysare, og kanskje vil midtstripa bli markert med riller.
Finden kan ikkje svare på kva tid desse tiltaka kjem på plass, men seier arbeidet med å måle tunnelveggane vil inngå i ei kontrakt for drift og vedlikehald som skal ut på anbod. Å lage til riller er eit arbeid som ligg lengre fram og er ein del av eit større arbeid over heile fylket.
– Det er mange strekningar i fylket som har behov for utbetringar, seier han.
Til ønsket lågare fartsgrense seier Finden at 70-sone kan vere aktuelt der det har vore fleire ulykker og at dei vurderer det ut ifrå situasjonen. Han meiner hovudansvaret ligg hos sjåførane.
– Sjåførane må tilpasse farta etter forholda, seier han.
Venta ei ulykke
Ordførar i Stryn kommune, Sven Flo, seier dei førebudde på ulykker i dette området. Han meiner vegen og tunnelen ikkje er i stand til å ta unna den trafikken som er der, spesielt på sommarstid.
Han meiner tunnelen fungerer dårleg slik den er i dag. Det oppstår farlege situasjonar når lastebilar og bussar legg seg midt i vegen for å unngå veggen og taket i tunnelen. I tillegg går tunnelen i ein sving.
– Tunnelen er håplaust konstruert, seier Flo.
Tunnelen og strekninga har vore på agendaen til ordføraren i lang tid. Varselskiltet som er sett opp trur han ikkje er nok for sjåførane som ferdast på vegen. Flo meiner fylkeskommunen som vegeigar må gjere permanente tiltak.
– Dei må putte pengar på bordet, slik at det blir gjort noko med strekninga, seier ordføraren.
- LES MEIR: Fleire personar skadde i trafikkulykke