Berre under Vestlandsmeisterskapen i fjor har Sogndal slått dagens motstandar. Då enda kampen 4-3 i favør av Sogndal. Tre av seks kampar har enda uavgjort, medan dei siste tre har enda i tap.
Assistenttrenar, og analyseansvarleg, Tom Mangersnes har både tru og håp om at første siger kjem i dag.
– Nøkkelen for oss er å vere gode på dei tinga vi var gode på før ferien, seier han.
Furebotn optimist
Sogndal må klare seg utan Azar Karadas i dag. Det opnar for gjensyn med Ricardo Santos på topp saman med Ulrik Flo. På Sandnes Ulf håpar Henrik Furebotn å medverke i det som blir gjensynet med gamle lagkameratar.
Ryggplager gjorde at han stod over dei to siste kampane før ferien.
– Sandens Ulf har ein god statistikk mot Sogndal, og eg trur vi tek alle poenga og får første heimesiger i år, seier han.