Hopp til innhold

Håpar å få inn fleire kortfilmar enn i fjor

Har du laga ein kortfilm du er stolt av eller har planar om å lage ein? Då har du om lag seks veker på deg til å sende den inn til Sogndal Filmfestival.

Sogndal Filmfestival - arrangørklasse 2015

VENTAR PÅ FILMEN DIN: Arrangørklassen 3 Media ved Sogndal vidaregåande skule.

Foto: Pressefoto

Årets filmfestival skal arrangerast på kulturhuset i Sogndal 23. – 24. mars. Fristen for å sende inn filmar er forlenga og er no sett til laurdag 7. mars. Festivalsjef Oddvar Vigdal seier dei i det siste har reist rundt på skular for å informere om festivalen og om kortfilmar.

I fjor var det over 50 kortfilmar som konkurrerte om dei ulike prisane.

Oddvar Vigdal og Camilla Hjartholm Solheim

SJEFANE: Festivalsjef Oddvar Vigdal og nestleiar Camilla Hjartholm Solheim.

Foto: Pressefoto

Vigdal seier dei håpar å få minst like mange i år.

– Vi har lagt mykje vekt på ein ny grafisk profil og ei marknadsføring som vi håpar når litt lengre enn i fjor. Vi hadde innsending av filmar frå nabofylka i fjor, og vi håpar på endå fleire i år.

Aukande interesse

Årets festival er den tiande i rekkja. Sidan starten har det vore ein jamn auke i kvaliteten på dei innsende filmane, seier Vigdal.

– Det har litt med utvikling av teknologi å gjere, men eg trur at interessa for å skape film har auka mellom ungdom både i vårt fylke og i nabofylka.

Den øvre aldersgrensa for å sende inn filmar er 25 år. Og kor lange filmane kan vere for å bli kalla kortfilmar er ikkje heilt klart definert.

– Er filmane over 30 minutt så tek det til å bli vel langt. Vi kan seie at vi tek mot filmar med lengde mellom 30 sekund og 30 minutt. Men dei fleste filmane plar ligge mellom fire og fem minutt.

Blant prisane som skal delast ut den 23. mars er ein publikumspris for beste film. Vinnaren av publikumsprisen vert kåra i samarbeid med NRK Sogn og Fjordane.

Dagen etter er det fagdag med foredragshaldarar som festivalsjef Oddvar Vigdal førebels ikkje vil røpe namna på. Men avtalane med dei er klare, seier han.

Slagord for Sogndal Filmfestival 2015 er «Ung kortfilm på sitt beste!».