– Vi har fått inn mange spennande filmar frå mykje talentfull ungdom. Det har kome inn mange og gode kreative kortfilmar, og dei dekkjer mange ulike sjangrar, seier jurysjef Håvard Nesbø.
- LES OGSÅ:
Den niande filmfestivalen i rekkja går av stabelen i Sogndal 31. mars og 1. april. Festivalen som blir arrangert av tredjeklassingane ved medium- og kommunikasjonslinja på Sogndal vidaregåande skule deler ut prisar i ti kategoriar, og juryen er i godt i gang med å vurdere filmane.
Vanskeleg jobb for juryen
Jurysjef Nesbø legg ikkje skjul på at juryen har ein vanskeleg jobb med å rangere filmane. I møtet 20. mars la dei siste hand på verket i arbeidet med å førebu prisutdelinga på gallakvelden i Sogndal kulturhus 31. mars.
Nesbø fortel at mange av filmskaparane held eit høgt nivå både når det gjeld regi og teknikk. Sjangertilfanget spenner vidt frå dokumentarfilm og fiksjon til sports- og informasjonsfilmar og musikkvideo. Deltakarane konkurrerer i tre ulike aldersgrupper.
Publikumsprisen vert som vanleg kåra gjennom ei avstemming på her på nettsidene til NRK Sogn og Fjordane. Du kan røyste fram til 31. mars kl. 15.00.
Aktuelle føredragshaldarar
På fagdagen 1. april vert kjem aktuelle føredragshaldarar med bakgrunn i både film- og tv-produksjon.
På programmet står den norske Oscar-nominerte filmskaparen, Iram Haq, TV-produsent av NRK3-serien ”Fylla”, Ole Andre Sivertsen og dokumentarfilmskapar Therese Jacobsen. Jacobsen er aktuell med ein kunstdokumentar frå Harastølen i Luster som har premiere seinare på året.