Hopp til innhold

Håp om kvit jul – men ikkje for alle

Drøymer du om kvit jul kan du få oppfylt ønsket ditt. I alle fall i delar av landet.

MrKKlqVpomk
Foto: Geir Olsen / NTB

Vind som skiftar retning fører til at temperaturane fell. Dermed kan nedbøren komme som snø.

– Vesle julaftan skjer dei ei endring i vêret i nesten heile landet. Vi får då vind frå nord og nordvest, seier statsmeteorolog Tone Christin Thaule.

Førre veke viste Vestlandet viste seg frå ei usedvanleg varm side laurdag. Fleire varmerekordar fall. Frå onsdag blir det altså kaldare mange stader.

– Til og med på Vestlandet kan det komme nedbør i form av snø i ytre strok, seier Thaule.

Sendt ut farevarsel

Mest snø kjem det i Møre og Romsdal og Trøndelag.

– Der kan det bli ein del snø både på vesle julaftan og julaftan. Der er det mest truleg at snøen blir liggande.

Måndag ettermiddag har varsom.no har sendt ut varsel på gult nivå om snø på gult nivå for Nordfjord og Møre og Romsdal. Frå onsdag ettermiddag til torsdag ettermiddag er det lokalt venta 15–20 centimeter i løpet av desse 24 timane. Det er venta meir snø i fjellet. For Trøndelag er det venta 10–15 cm i same tidsrommet.

Blir det hvit jul?

KAN BLI KVIT JUL: Enkelte stader i landet vil nedbøren komme som snø.

Foto: Tone Evebø

Sol og opphaldsvêr i aust

På Sør- og Austlandet blir det fint ver på julaftan. Her blir det mest truleg ingen nedbør i låglandet.

– Her blir det blir lange periodar med sol. Det blir ingen snø her, det blir eventuelt den snøen du har fått tidlegare.

I Finnmark er vinden meir frå aust, og det er venta stiv kuling på kysten og snø på vidda i aust.

– Men elles blir det opphald.

Blir mildare att

Men for dei som gler seg over ei kvit julaftan, varer kanskje ikkje gleda så lenge. Allereie 1. juledag er det eit lågtrykk som kjem inn frå vest.

– Det blir vindauke frå sør, først på Vestland og deretter Austlandet. 2. juledag vil dette også merkast i Nordland og Troms. Det blir høgare temperaturar, særleg i sør. På Vestland kjem nedbøren som regn. Så den snøen som kom, forsvinn nok fort i låglandet her, seier Thaule.

Laster Twitter-innhold