Hopp til innhold

Handelsstanden i Vik tener på rasstengd E16

VIK (NRK): Når hovudvegen mellom Austlandet og Vestlandet er stengd, er Vikafjellet eitt av omkøyringsalternativa. Det er bra butikk for handelsstanden i Vik.

Vik Bil AS

FULLT: På bensinstasjonen i Vik har det vore mykje trafikk etter at raset i Gudvangen stengde E16.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Det er ikkje første gongen Einar Kløve merkar uvanleg stor pågang på bensinstasjonen i Vik. Vikafjellet er no avlastingsveg for E16, som ikkje vil vere fullt framkommeleg på fleire veker.

– Dette har vi merka nesten kvart år. Det anten har vore ras eller tunnelbrannar som har gjort det. Vi har merka det veldig på trafikken her, seier Kløve som er dagleg leiar på Vik Bil AS, den einaste bensinstasjonen i kommunen.

Raset er god butikk

Einar Kløve

OPPTUR: Einar Kløve på bensinstasjonen i Vik fortel at raset i Gudvangen er god butikk for bedrifta hans.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Han må innrømme at sjølv om raset i Gudvangen er trasig og ugunstig for mange, er det bra butikk for bedrifta han styrer.

– Det er større trafikk og auka omsetnad, så akkurat for bedrifta er det kjempegreier. Det kjem spesielt frå 12 og utover dagen og kvelden. Då er det ei tydeleg auke og mykje trafikk, seier Kløve.

Då kan det vera tilløp til kaos med bilar ute på plassen framfor bensinstasjonen.

– Det er folk som skal ha bensin og diesel. Og sidan det er omkøyring, skal dei ha litt meir mat, brus og hamburgarar, og alt det dreg med seg, seier han.

Vil ha tunnel

Kløve meiner at Vikafjellet er for ustabil som avlastingsveg for stamvegen E16, og at dei mange stengingane på E16 dei siste åra viser at det er bruk for tunnel gjennom det verutsette Vikafjellet.

– Det er jo heldig at det ikkje skjer på vinterstid når vegen ofte er stengd. Då måtte bilane ha køyrt ytre - om ferja Lavik-Oppedal, seier han.

For han trur det vil bli bruk for riksveg 13 fleire gonger.

– Dette er ikkje første gongen, og det blir heilt sikkert ikkje den siste gongen, seier Kløve.