Hopp til innhold

Dette vil prege trafikken på E16 lenge

Det vil gå fleire veker før trafikken på E16 i Gudvangen kan gå som normalt igjen etter at steinar store som bilar har knust vegen.

Store skader på E16 i Gudvangen etter raset

STORE KRATER: Fleire stader er E16 omgjort til fleire meter djupe krater etter at kampesteinane har dundra ned i vegbana.

Foto: Roy Viktor Ohnstad/Oppedal Drift AS

Enorme krefter var i sving då nesten ein halv kilometer av stamvegen mellom Oslo og Bergen tysdag ettermiddag vart smadra av steinmassar.

Vegen har vore stengd sidan og torsdag morgon starta eit omfattande ryddearbeid.

Byggjeleiar i Statens vegvesen, Rune Dvergsdal, seier arbeidet vil gå over fleire veker. I første omgang blir det jobba for å få vegen opna fortast mogleg.

– Det viktigaste no er at vi får skote vekk dei steinane som må vekk for at vi i det heile teke skal kunne ha trafikk på vegen, seier Dvergsdal til NRK.no torsdag.

Ein halv kilometer med veg er meir eller mindre smadra etter raset på E16 mellom Gudvangen og Voss. I dag starta oppryddingsarbeidet.

300 TONN: Den største steinen som må ryddast vekk etter raset i Gudvangen er på rundt 300 tonn. Det vil seie det same som 300 personbilar til saman.

Heldigvis berre skader på vegen

Øydeleggingane er enorme etter at fleire tusen kubikkmeter med stein ned på den sterkt trafikkerte stamvegen mellom Oslo og Bergen.

Til alt hell vart ingen personar skadde, og heltemodig innsats frå fleire berga truleg livet til bilistar som var på veg inn i rasområdet.

Onsdag vart fjellsida spylt frå helikopter i håp om å få lause steinar som låg att i fjellsida til å losne. Verken dette eller regnet rikka på steinmassane og torsdag morgon starta ryddearbeidet.

Har aldri sett liknande

Rune Dvergsdal var sjølv inne i området for å ta skadane på vegen i augesyn.

– Det er temmeleg store dimensjonar, fortalde byggjeleiar då han viste fram ein stein på vel 300 tonn.

Dette er vekta av 300 personbilar. Dvergsdal legg ikkje skjul på at dimensjonane er uvanleg store.

– Slike dimensjonar har eg ikkje vore borti når det kjem til ras, og eg har sett ein del av dei, seier han til NRK.no.

Eit omfattande ryddearbeid er torsdag i gang etter det store steinraset på E16 i Gudvangen tidlegare i veka. Steinar store som bilar må sprengast før steinmassane kan køyrast vekk.

Vil berre opne eine køyrebana

Dei største steinane blir no sprengde i småbitar før dei blir køyrde vekk med lastebil. Når steinane først er vekke ligg eit omfattande arbeid med å reparere køyrebana føre dei.

– Vi har vel ei lengde på ca. 500 meter der både veg og rekkverk er meir eller mindre øydelagt, seier han.

Vegvesenet håpar å kunne opne vegen for trafikk i løpet av nokre dagar, då først med berre ei køyrebane.

– Vi kjem til å bruke lysregulering eller kolonnekøyring, forklarar Dvergsdal om korleis trafikken vil gå forbi rasstaden den første perioden.

Før vegen er tilbake i den stand den var før raset må det truleg leggast ned titals arbeidstimar i grunnarbeid, asfaltering og oppsetting av nytt rekkverk.

Dvergsdal seier dei førebels ikkje veit kva dette vil koste, men at det blir kostbart.

Store skader på E16 i Gudvangen etter steinraset
Foto: Roy Viktor Ohnstad/Opedal Drift As