Hopp til innhold

Karadas skjønte med det same at noko var gale

– Det var ei vond natt, men eg har fått mine medisinar så det fungerer greitt no. Eit lite brot tek vi med oss vidare, seier Sogndal-stoppar Azar Karadas på veg til Haukeland med broten kjeve.

Azar Karadas

KINNBEINSBROT: Etter duellen med Franck Dja Djedje skjønte Azar Karadas (t.v.) at kampen var over for hans del.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Det har gått nær eitt døgn sidan forsvarskjempa frå Nordfjordeid vart bytt ut i årets første heimekamp.

Duellen med Sarpsborg 08 sin Franck Dja Djedje enda med kinnbeinsbrot og tur til Førde sentralsjukehus. Måndag går turen vidare til Haukeland og mogleg operasjon.

– Det går heilt okay. Eg har framleis litt smerte i ansiktet, men elles går det bra, seier Azar Karadas.

Mange skadar

Sogndal må klare seg utan 32-åringen i oppgjera mot Bodø/Glimt, Strømsgodset og Haugesund.

Jonas Olsson

TRENAR: Jonas Olsson har mange skadde forsvarsspelarar før helgas bortekamp mot Bodø/Glimt.

Foto: Oddleif Løset / NRK

I tillegg til Karadas, er også forsvarsspelarane Bjørn Inge Utvik, Hannu Patronen og Eirik Skaasheim svært usikre framfor helgas tur til Bodø.

– Det er klart det er alvorleg, i alle fall når det er så alvorleg som med Azar og eventuelt også med Hannu, sa Sogndal-trenar Jonas Olsson etter kampen.

Ikkje uroa

Ein som ikkje tvilar på at dei skadefrie spelarane gjer jobben, er ein Karadas på veg til grundigare undersøkingar og operasjonsvurdering i Bergen.

– Vi har ein god tropp med mange gode spelarar og mange spelarar som vil vise seg fram. Skadar kjem og går, og eg er trygg på at dei som spelar no framover gjer ein god jobb og vi plukkar mange poeng, seier han og tek det heile med knusande ro.

Fekk tekstmelding

– Det er alltid kjedeleg med skader om det er eine eller andre vegen. Det er jo dette ein har trena for gjennom vinteren og ein har gjort seg klar for sesongen. Så får ein ein skade. Samstundes så høyrer det med i gamet, held 32-åringen fram.

Karadas fekk seint søndag kveld tekstmelding frå Dja Djedje. Forsvarsklippa seier han ikkje har vonde kjensler overfor Sarpsborg-spelaren.

– Han ynskte meg god betring, og det set eg veldig pris på. Ein er i mange duellar i løpet av ein fotballkamp og av og til går det galt. Det gjorde det no, seier Karadas.

– Det knakk

Dja Djedje fekk gult kort etter duellen to minuttar etter sidebyte.

Ein omtåka Sogndal-kaptein vart liggande att på bana og skjønte straks at kampen var over for hans del.

– Vi kom begge i stor fart, og han trefte meg i kinnbeinet så det small. Ein håpar alltid å kome frå det på ein billeg måte, men eg kjende rimeleg raskt at det skjedde noko som ikkje var så bra. Det knakk inne i der, og då er det ikkje noko vits å ta noko sjanser og spele vidare, seier Karadas.

Har fokus på testane

Medisinsk leiar i Sogndal Fotball, Andreas Foss, seier det vil gå to til tre veker før skaden er grodd og blitt så stabil at Karadas kan spele kampar att.

Karadas ynskjer ikkje å kommentere om han allereie neste veke blir å finne på treningsfeltet til Sogndal.

– Det viktigaste er å bli frisk igjen før ein slengjer seg med på noko. Eg har først og fremst fokus på å få tatt undersøkingane på Haukeland i morgon og få svar på kva vi gjer vidare. Så får vi ta det derifrå, seier 32-åringen.