Hopp til innhold

Estlendar fekk køyreforbod

Inspektør Bjarte Frækaland hos Statens Vegvesen fekk hakeslepp då han kontrollerte det estiske vogntoget.

Video nsps_upload_2010_2_5_17_58_27_1297.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

SJÅ: Vestlandsrevy-saka om fareleg vogntog på vegane.

Vogntoget var lasta med tre tonn for mykje, hadde ikkje kjettingar og var utan bremser på semitralla, medan trekkvogna mangla clutch. I tillegg hadde sjåføren brote køyre- og kviletida. Med andre ord eit vogntog du definitivt ikkje vil møte på vegane.

- No har eg vore her i ti år, men aldri vore borti liknande. Eg håpar det ikkje er mange slike på vegane, seier inspektør Bjarte Frækaland.

- Røyk frå bilen

Vogntoget vart onsdag stogga ved Håbakken på E16 etter tips frå politiet i Hordaland. Det var på veg austover med 43 tonn fisk - med naudblinken på og svært låg fart. I tillegg kom det røyk frå bilen.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER BILETET)

Mangla bremseklokke og bremseklossar.

Semitralla mangla bremseklokke og bremseklossar på både fremste og bakerste aksling. - Denne semitraileren er nok den verste eg har sett, seier inspektør Bjarte Frækaland.

Foto: Bjarte Frækaland

- Den kom på plassen i krabbegir. Først stadfesta vi overlass, men den tekniske kontrollen viste eit havari på clutchen. Så såg vi under den og det viste seg at både fremste og bakerste aksling på semitralla mangla bremseklokke. På dei andre hjula var bremseklossane så utslitt at det var stål mot stål. Slik vi kunne sjå det, var eitt av dei seks hjula som hadde fornuftig tjukkelse på bremsebelegget, fortel Frækaland.

- Han var heldig

Føraren fekk eit førelegg på 15 000 kroner, samt eit gebyr på 3 000 kroner for overlass. Førarkortet er inndrege i fem månadar og semitraileren vart avskilta og blir henta med bergingsbil frå Estland. Ei billig pris å betale, meiner Frækaland.

- Han var heldig som vart stogga. Tenk dersom han skulle bremse opp for ein og ikkje hadde tid til å planlegge kva han skulle gjere. Då hadde han køyrt ned kva det skulle vere, seier han og legg til:

101 har fått forbod

- Det hadde vore mykje verre for han å ha eit dødsfall på samvitet. No fekk han trass alt berre ei bot som han må betale. Og inndraging av førarkortet.

Ifølgje Frækaland kjem dei ikkje over mange slike skrekkeksempel ved den nye trafikkstasjonen på Håbakken. Men så langt i år har 101 av 350 køyrety fått bruksforbod i ei eller anna form. Årsaka er hyppigare kontrollar og betre mulighet til å luke ut køyrety.

Kan luke ut

- Vi ser mykje bra på vegane, men tendens i det siste er at det kjem ein del verstingar inn, med mykje tekniske manglar, seier han. 350 kontrollerte køyrety er meir enn same periode i fjor. Frækaland seier at dei er flinkare til å luke ut kven som skal kontrollerast.

- Vi har eit system der vi kan finne ut om køyrety er stogga tidlegare og har alt i orden. Det har ikkje vore brukt mykje, men siste halvår er det meir brukt i heile landet og dermed lettare å sjekke opp, fortel Frækaland.

Estisk vogntog fekk køyreforbod på Håbakken.

I hovudsak er det utanlandske vogntog som må stå att etter kontrollar ved den nye trafikkstasjonen på E16 ved Håbakken.

Foto: Bjarte Frækaland