Planen er å segle med to balsaflåtar frå Peru til Påskeøya hausten 2015, fortel Higraff.
– Og så har eg lyst til å gjere det som Thor Heyerdahl ikkje har vist oss: Korleis kom han seg tilbake derifrå? Det vil seie at vi seglar sørover til litt kaldare breiddegrader og nordover att til Chile.
- LES OGSÅ:
Og når dei no skal skaffe mannskap til turen brukar dei ein nettstad som heiter Indigogo.
– Der står vi under Rahiti, som betyr soloppgang på polynesisk. Der kan folk melde seg som mannskap, dei kan og få fjeset sitt i seglet eller vere med og støtte ekspedisjonen på andre måtar.
Og det viktigaste er ikkje å vere ein røynd seglar. Det viktigaste er at dei som blir med er glad i å vere på havet, og godt humør er slett ikkje uvesentleg. Surpompar kan bli ei belastning på ein flåte, seier Higraff.
«Soloppgangens herskar»
Også i 2006 segla Torgeir S. Higraff ei rute som Heyerdahl hadde gjort før, på «Tangaroa», ein kopi av oldtidsflåtane til peruanarane. Då hadde han mannskap med røynsle frå norske vikingskipskopiar.
– Vi segla frå Peru til Raroia, som er eit atoll ute i Stillehavet. Der møtte vi menneska som trefte Heyerdahl i 1947. Vi segla distansen ein månad raskare enn Heyerdahl gjorde, og viste at vi kunne styre flåten akkurat som vi ville.
– No skal du altså ut igjen, også denne gongen ei rute som Heyerdahl har segla. No skal du utfordre ein av teoriane hans. Kvifor er du så oppteken av det?
– Eg har eigentleg ikkje hatt noko val. For då eg kom til Polynesia fekk eg eit namn som på norsk blir Soloppgangens herskar. Det gir oppgåva: Korleis segle mot soloppgangen, mot aust? Eg vil vise at polynesarane kunne kome seg til Sør-Amerika.
– Er du spent på om det går bra?
– Eg har alltid trudd på det eg driv på med, så eg meiner det skal gå bra, men eg er spent på korleis eg kjem til å like å vere i dårleg vêr, for turen med «Tangaroa» var ein godvêrsseglas.
Skal registrere plast
Når Higraff no skal skaffe mannskap til den nye turen er det ein del eigenskapar han er ute etter.
– Du må vere glad i å segle og lite oppteken av når du kjem fram. Du må tenke at den staden du er på er den beste i verda. Så må du synast det er greitt å dele liten plass med andre, i tillegg til ein god porsjon eventyrlyst og interesse for livet i havet.
Ei av oppgåvene på turen blir å registrere kor mykje plast det finst i havet. For der havstraumane møtest samlar det seg opp store mengder plast med ei nedbrytingstid på 1000 år. Det var store område med plast i 2006, no reknar Higraff med at det er mykje meir.
– Kvart år pøsar vi ut 260 millionar tonn plast i sjøen.