Hopp til innhold

Halvparten av ettermiddagstoga på Bergensbanen kjem for seint fram

OSLO S (NRK): Jernbanereforma har tvinga Vy til å endre disponeringa av toga på Bergensbanen. Forseinkingane på ettermiddagstoget frå Oslo har gått i taket.

Bergensbanen på Oslo S, februar 2020

KORT SNUTID: På under ein time må Vy snu morgontoget frå Bergen og gjere det klart for avgang over fjellet igjen. Den nye rutinen har gitt kraftige forseinkingar.

Foto: Intisaar Ali / NRK

Avgangen klokka 15.43 frå Oslo S mot Bergen har dei to siste månadane fått ein markant auke i talet på forseinkingar.

Ved nokre høve har passasjerar venta opp mot ein halvtime over avgangstid før toget dukkar opp på perrongen i hovudstaden.

– Vi er slettes ikkje nøgde med denne utviklinga. Vi beklagar til kundane på Bergensbanen for så dårleg punktlegheit, seier pressesjef Åge-Christoffer Lundeby i Vy.

Seks av ti tog forseinka

Statistikken frå desember og fram til i dag er nådelaus:

  • I 2019 var sju av ti ettermiddagstog frå Oslo S i rute til Bergen. 25 prosent av avgangane var forseinka.
  • I 2020 har talet på forseinkingar på same avgang gått opp til 50 prosent.

Frå 15. desember til 15. januar, var heile seks av ti ettermiddagstog frå Oslo S forseinka til Bergen.

Målsettinga til Vy er at ni av ti tog i rute.

– På det verste har vi køyrd frå Oslo S ein halvtime forseinka. Og då kjem ein inn i rushtida ut frå hovudstaden, og det blir umogleg å ta inn igjen forseinkinga mot Bergen, seier Lundeby.

Åge-Christoffer Lundeby i Vy

BEKLAGAR: Kommunikasjonssjef Åge-Christoffer Lundeby i Vy.

Foto: Christian Nicolai Bjørke/NRK

Skal snu på under ein time

Årsaka er samansett, noko vi skal kome tilbake til. Men først og fremst skuldast auken i forseinka tog ei rutineendring Vy sjølv innførte frå 15. desember 2019.

– Då byrja vi å bruke same togmateriell som morgontoget frå Bergen, til ettermiddagstoget frå Oslo S og tilbake. Det betyr at vi har kort snutid før toget skal tilbake, forklarer Lundeby.

Morgontoget frå Bergen kjem inn til Oslo S klokka 14.45. Det skal gå vestover igjen klokka 15.43.

På under ein time må altså toget ut frå perrongen og opp til driftsbanegarden i Lodalen. Der blir vognene vaska, rydda og klargjort, og lokomotivet skiftar ende før det trillar tilbake til Oslo S for å ta på passasjerar.

– Vi har hatt problem med å få til dette kjapt nok, i halvparten av dagane i januar. Vi er godt i gang med å endre rutinane og har betre rekord på snutida no enn i starten av året, seier Lundeby.

Han legg til at kapasitetsproblema på jernbanen i Oslo også gjer at morgontoget frå Bergen nokre gonger kjem seinare fram enn ruta seier.

Då NRK var på Oslo S torsdag, skjedde nettopp det. Morgontoget kom på perrongen ni minutt forsinka.

Forsinka tog frå Bergensbanen på Oslo S

FOR SEINT FRAMME: Snutida i Oslo blir ofte kortare enn oppsett fordi morgontoget frå Bergen er forseinka over fjellet. Dette er frå torsdag 13. februar.

Foto: Intisaar Ali / NRK

Fleire aktørar på skjenene

Rutineendringa til Vy heng også saman med jernbanereforma. 15. desember 2019 skjedde det ei større endring i togrutene i Noreg.

For i desember starta Go-Ahead opp på Sørlandsbanen. Frå juni 2020 byrjar SJ å køyre på sju togstrekningar i Noreg, mellom dei Dovrebanen og Nordlandsbanen.

Med fleire aktørar som driv passasjertrafikk på jernbana i Noreg, blir dei låste til å bruka togmateriellet som finst på dei aktuelle strekningane.

Tidlegare kunne Vy, eller NSB, disponere vognsetta som dei ville.

– No har vi ein anna logistikk. Vi har færre tog tilgjengeleg til Bergensbanen, fordi det er fleire operatørar, seier Lundeby, som likevel ikkje vil gi jernbanereforma skulda for forseinkingane.

Trenar på fleire avgangar

Leiar Jane Sæthre i Norsk Jernbaneforbund seier dei tilsette har meldt tilbake at snutida på ettermiddagstoget i Oslo er svært travel. Det har likevel gått betre etter at ein del rutinar er skrudd til.

Ho meiner Vy no trenar seg på hyppigare bruk av dei same togsetta på Bergensbanen. Frå 2021 skal talet på daglege avgangar aukast til seks frå kvar by.

– Dei er heilt avhengige av å få betre snutid på toga, slik at dei kan køyre toga meir effektivt. Slik kan dei levere på det anbodet dei har vunne på Bergensbanen, seier Sæthre.

Også statistikken for ettermiddagstoget frå Bergen er langt frå det målet Vy sjølv har sett seg. I 2019 var 15.57-avgangen frå Bergen forseinka i 42 prosent av tilfella.

Også i denne ruta er det 50 prosent fleire forseinkingar til no i 2020. Ifølge Vy er det andre årsaker til dette.