Hopp til innhold

Dag 4: - Litt vondt der bak

Halvor Folgerø skal sykla 450 kilometer frå Bergen til Geiranger. Her kan du lesa referata frå tredje og fjerde etappe av Tour de Fjord.

Rytnetunet

Halvor held fram langs vestlandsvegane.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

Halvor har no nådd Sunnfjord og tek i dag fatt på fjerde etappe av Tour de Fjord.

I går sykla han gjennom Fjaler og Gaular.

Les om dag 1 og 2 her: Den store styrkeprøven er i gang

Reiseruta kan du sjå her: Følg Halvors store styrkeprøve

Her er Halvors opplevingar frå dag tre.

Dag 3: Langs fjorden i skikkelig vestlandsvær

Ein ting kan ein vere rimeleg sikker på. Når meteorologane melder dritver, held dei det dei lovar.

Fjaler kommune

Halvor har nådd Fjaler kommune.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

Eg var komen eit par kilometer frå Leirvik då dei første dropane kom. Det skulle vise seg å bli mange av dei, og dei heldt ut lenge.

Og det stoppa ikkje der. Lyn og toreskrell dundra mellom fjellsidene, og fekk meg til å tenke på dommedagsfilmar som "The road".

Skulle det verkeleg ende her, på fogderigrensa mellom Sogn og Sunnfjord?

Både regnkleda og eg blei sett på ein prøve i 2-3 mil. Gamasjane greide ikkje heilt å halde stand mot slike vassmengder. Med surklande sko rulla eg inn i diktaren Jakob Sandes fødebygd, Dale.

Eit kvitt og særeige hus på kaien gjorde meg nyfiken. Fasaden ser ut som han er laga av samanpressa bunkar med papirark.

Transplant stod det på veggen, og bak veggen møtte eg svenske Birgitta Ralston, som driv Transplant saman med sin franske mann. Ein urban "holme" midt i Dalebygda, som hjelper bedrifter med design, som serverer heimelaga mat, og arrangerer konsertar.

Transplant

Her fant Halvor ein urban 'holme' i Dalebygda

Foto: Halvor Folgerø / NRK

Dessutan kan dei skilte med nordens einaste materialbibliotek. Neste veke får dei eit stort fransk reportasjemagasin på besøk, kunne ho fortelje. Målet er å lokke europeiske storkundar til Dale.

Etter eit kort opphald gjekk turen vidare innetter Dalsfjorden, mot Bygstad. No var sola tilbake, og livet topp. Terrenget er slakt og behageleg, og utsikta vakker.

Den staselege Laukelandsfossen på andre sida av fjorden gjer sitt til det. Det er noko eige med å sykle langs ein vestlandsfjord etter tungt regnver. '

Laukelandsfossen

Den staselege Laukelandsfossen.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

Tenk deg lukta av våt fjord- ein miks av ramsløk, gras, sjølukt, mose, våt ull og saueskit går opp i ei høgare eining.

Dagen blei avslutta med ein klatreetappe opp til Rytnetunet, ein fjellgard med røter tilbake til 1200-talet. Tunet ligg på 270 meter, rett under det dramatiske stupet på fjellet Storehesten.

Eit slit å komme opp, men det var verd kvar meter. Ein drømmeplass, med drømmeutsikt. Motbakkeløpet "Storehesten opp" går rett forbi dørene her. Men motbakkeløp er ikkje det som fristar mest akkurat no...

Dag 4: Seige motbakkar, kamp mot flugene og litt vondt der bak...

270 meter opp, betyr også 270 meter ned att. Eg fekk ein mjuk start på dagen, ned frå Rytnetunet.

Gråver over Jølstravatnet

Utsikt frå Vassenden.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

Etter ein tur innom kjøpmannen i Bygstad, kunne eg dessutan notere meg for eit stykke avslørande journalistikk. Eller - avsløringa var det vel strengt tatt handelsmannrn sjølv som stod for. Olav Birkeland har tatt vare på bestefaren sine kreditt-bøker, og her har han funne interessant
lesnad: det viser seg nemleg at doktor Harlem, bestefar til landsmoder Gro, har den nokså nette sum av 2,38 kroner til gode i butikken.
Harlem var lege i Bygstad, og dessutan hard på seltersen, i følgje bøkene. Og handelsmann Birkeland er klar til å gjere opp gjelda si når som helst.

- Ingen lett match

Bygstad og Førde ligg begge ved sjøen. Dermed skulle ein tru det var lett match å komme seg frå den eine staden til den andre. Men slik er ikkje Vestlandet skrudd saman.

Etter lange og seige motbakkar, og konstant kamp mot floger utan snev av respekt for privatlivets fred, kunne eg omsider kaste meg utfor bakkane ned mot Førde.

Det slår meg at det ein opplever som flatt terreng i bil, som regel viser seg å vere noko heilt Anna.

Eg hadde ikkje vore mange minuttane i Førde før byens største kjendis kom slentrande, med den svarte skinnveska over skuldra og det karakteristiske raude skjerfet rundt halsen.

Kunstnar og popsongar Oddvar Torsheim er eit oppkome av spissformulerte visdomsord, og går lang utanpå dei fleste stand up-komikarar her til lands. No er han klar med by utstilling i Larvik.

Oddvar Torsheim
Foto: Halvor Folgerø / NRK

Fotograf Oddleiv Apneseth er ein annan prisløna biletkunstnar med base i sunnfjordbyen. For to år sidan gjekk han i gang med eit gigantisk prosjekt: han ville portrettere dagleglivet og alle innbyggjarane i sin dåverande heimkommune Jølster. Det gjorde han, og No skal livsprosjektet snart ut i bokform.

Etter litt redigeringsarbeid av ymse reportasjar, kunne eg igjen sette meg på sykkelsetet, med kurs for Skei i Jølster.

For første gong på desse 4 dagane må eg innrømme at det gjer vondt der bak...

Håpar inderleg eg kan unngå gnagsår. Skulle det oppstå på ein så strategisk viktig plass, spørs det om løpet er kjørt...

Heiagjeng!

La oss snakke om noko hyggelegare: rett før Vassenden stod to fine jenter og vifta ned flagg og heia, og ikkje nok med det, eg fekk sjokolade og kort også! Ei fantastisk oppmuntring som varte heile den våte turen langs Jølstravatnet. Tips til andre syklistar: køyr for all del på sørsida!

T(o)urens einaste heiagjeng
Foto: Halvor Folgerø / NRK

I morgon kjem den første verkelege styrkeprøven- Utvikfjellet, med godt og vel 600 høgdemeter. Eg tenker at går det, så går alt.