Hopp til innhold

Den store styrkeprøven er i gang

Han skal sykla 450 kilometer på 7 dagar. Bli med Halvor på Tour de Fjord, frå Bergen til Geiranger.

Halvor har nådd den fyrste milepælen: fylkesgrensa.

Halvor har nådd den fyrste milepælen: fylkesgrensa.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

– Eit fysisk, psykisk og sosialt eksperiment, sa Halvor Folgerø sjølv før han tråkka av garde.

Reiseruta kan du sjå her

Følg Halvor frå dag til dag på nrkhordaland.no!

Dag 1: Vestlandsperler i lett regn

Starta heime frå Sollien laurdag 25. juni, i lett regn i 12-13-tida. På første etappe til Knarvik hadde eg selskap og moralsk støtte av son min, Sjur, på 11 år. Det kom godt med, for å komme seg ut av Bergen på to hjul, krev både tolmod og stor evne til tolking og improvisasjon.

Bergen har eit stykke att når det gjeld tilrettelegging for sykkel, for å seie det forsiktig.

Frå Knarvik bar det vidare i einsemd. Strekninga innover Osterfjorden er full av små perler som ein ikkje ser om ein køyrer E39.

Leknes, Hjelmås, Sauvågen, Eikanger, Eknes, Ostereidet og Bjørsvik, der gamle Oster ligg ved Kai og nyt late pensjonistdagar.


Det er ho vel unt.

Så var det Austfjorden neste. Denne indre delen av Fensfjorden lever litt stille og tilbaketrekt, sananlikna med andre vestlandsfjordar det er naturleg å sananlikne han med, men naturen er ikkje mindre storslagen av den grunn.

Austfjorden, Noregs mest kuperte?

Vakre Austfjorden, Noregs mest kuperte?

Foto: Halvor Folgerø / NRK


Snur du hovudet mot høgre, ser du rakt opp i høgfjellet, med toppar og fossefall. Ser du hin vegen, opnar sjølve havet seg opp utover, med oljeraffineriet på Mongstad blinkande som ei fjern månelanding langt der ute.

Vakkert, og fullt forståeleg at tyskarar og andre godtfolk parkerer bubilane sine i Kjekallevågen.

Dag 1 enda ned verkande kner og sårt bakparti ved Kvamme, ca 6 km frå Masfjordnes. Det var på høg tid å finne fram tablettane mot senebetennelse som legen hadde sendt med meg.

Laurdag kveld i Kjekallevågen. Utsikt mot Mongstad

Kveldsstemning i Kjekallevågen, med utsikt mot Mongstad.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

Dag 2: Kabelferje og intervalltrening

Ein nydeleg dag, vermessig og på andre måtar.

Starta ut frå Kvamme i Austfjorden, der beina sa stopp i går. Utruleg kva ei god natts søvn og eit par tablettar kan utrette.

I går kveld var eg sikker på å måtte bryte, det kjendest som nokon stakk knivar i kneet for kvart tråkk.

I dag, derimot, gjekk det som ein leik. Takk til legen!

Halvor på Masfjordnes

Halvor på Masfjordnes.

Foto: Halvor Folgerø / NRK


Kabelferje frå Masfjordnes til Duesund, og deretter halvanna mil i ekstremt kupert terreng.

Kabelferga til Duesund

Kabelferga til Duesund.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

Så møtte eg Gjermund Halsvik, talsmann for folket i Sløvåg etter Alexela-ulykka i mai 2007.

Livet er tilbake i normalt gjenge, den vonde lukta som gjorde folk sjuke er endeleg borte. Men ikkje uroa... Meir kjem i radiointervju seinare.

Å sykle gjennom Masfjorden og Gulen er ei lang samanhengande intervalltrening.

Kort fortalt: du syklar opp ein lang bakke, for så å renne ned ein annan. Dette gjentek seg i det uendelege.

Etter dagens etappe, sit eg med ei klår kjensle av å ha sykla fleire oppoverbakkar enn nedoverbakkar. Så her må vegvesenet ta kraftig sjølvkritikk.

Naturen er grøn og frodig, og mange stader bratt og utilgjengeleg.

Det kan gå lange tider utan at eg ser eit menneske.

Fekk ein liten styrkeprøve på slutten av dagen. Det viser seg at Vårherre har lagt ein liten fjellovergang, eller i alle fall eit høgdedrag mellom Nordgulen og Rutledal.

Han kan umulig ha sykla denne turen...

Milepæl 2: Sognefjorden. Frå Rutledal, Lihesten bak

Sognefjorden, frå Rutledal.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

Men trass i dette- både beina og eg kom heile fram.

Vi kom oss endåtil over Sognefjorden, og fann rom for natta i Leirvik. I morgon er det meldt regn. Det blir ei ny erfaring.