Hopp til innhold

Laurdag: Ja, du har studieplass - Måndag: Nei, du har ikkje studieplass likevel

Susanne (18) er heilt på felgen etter at ho og 163 andre studentar i går fekk beskjed om at dei har mista studieplassen ved Høgskulen i Sogn og Fjordane – på grunn av ein tastefeil.

Susanne

FRAMTIDA: – Då beskjeden kom, følte eg at alt var øydelagt. No veit eg ikkje kva eg gjer, seier Susanne.

Foto: Privat

– Eg veit ikkje heilt kva eg skal gjere no, seier ho.

Det var vg.no som først omtalte saka.

Laurdag klokka 18.30 fekk kvinna tekstmelding om at ho var kommen inn på studiet Sosialt arbeid i Sogndal ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, der ho hadde stått på venteliste.

Ungjenta jubla, og hadde dermed både hybel, studieplass og pensumbøker på plass.

Skalv då meldinga kom

Knappe to døgn seinare tikka tekstmeldinga frå Samordna opptak inn om at det var gjort ein feil.

– Eg skalv då eg las tekstmeldinga. Så ringde eg mor mi og spurte kva eg skulle gjere med livet mitt, for eg følte alt var øydelagt.

Ho har allereie vore i kontakt med hybelverten i Sogndal, og slik det ser ut no, må ho iallfall betale leige for august. Kva ho gjer vidare, har ho ikkje klart å tenkje på.

– Eg veit ikkje, seier Susanne, som kjenner på at tilliten til opptakssystemet er tynnsliten.

Har mista trua

– Eg mistar trua på det. Og dei kan ikkje berre komme med ei unnskyldning når dei har øydelagt så mykje for folk, seier ho.

Fungerande rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Anne-Grethe Naustdal, forstår fortvilinga, og beklagar situasjonen.

– I kort tid la vi fredag kveld ved ein feil ut at det var ledige studieplassar på Sosialt arbeid. Dette vart oppdaga og endra med ein gong. Men verknaden av at eit studium vert lagt på ledige studieplassar, sjølv om det berre er for ei kort stund, er at ventelistene vert tømde ved neste opptak, seier Naustdal.

Dermed fekk alle dei 164 som stod på venteliste til Sosialt arbeid beskjed om at dei hadde fått plass då neste opptak vart køyrt laurdag.

Er rutinar som ikkje har fungert

Anne-Grethe Naustdal

TRASIG: Fungerande rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Anne-Grethe Naustdal, tykkjer heile situasjonen studentane og høgskulen har hamna i er trasig.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det betyr at vi stod med 225 studentar til 45 studieplassar, seier Naustdal, som seier feilen skulle ha vore oppdaga gjennom kontroll hjå Samordna opptak.

– Men der har ikkje kontrollrutinane fungert, så dei har ikkje fanga opp feilen og fått varsla oss, seier Naustdal.

Kristian Folkman

BEKLAGAR: - Vi trur ikkje dette skal kunne skje igjen, seier informasjonsrådgjevar Kristian Folkman ved Samordna opptak.

Foto: Terje Heiestad / Millimeterpress

Feilen vart oppdaga då ein student ringde i går og var glad, men litt i tvil på om det kunne vere sant at han hadde fått studieplass sjølv om han stod langt nede på lista.

– Varslingsrutinane har ikkje slått inn så her har det vore ein glipp. Vi har sett på rutinane våre og funne feilen, seier informasjonsrådgjevar Kristian Folkman ved Samordna opptak.

– Kan denne feilen skje igjen?

– Nei, det håpar vi verkeleg ikkje. Vi har funne feilen, og vi gjer rutineendringar, seier Folkmann.