Hopp til innhold

Hadde 100 born på overnatting – må svare for nye skuldingar om overgrep

Vestlendingen er allereie dømd for «utuktig omgang» mot tre unge gutar. No må mannen svare for nye og alvorlegare skuldingar frå 80- og 90-talet.

Oslo Tinghus Protector

RETTEN: Ein mann i 60-åra frå Vestlandet må i juni svare for nye skuldingar om overgrep på 80- og 90-talet på Austlandet. Mannen vart også dømd for over 20 år sidan.

Foto: Petter Nielsen / NRK

Mannen, som no er i 60-åra, vart på slutten av 90-talet dømd til seks månader fengsel, mellom anna for det som blir skildra som «berøring». Saka fekk stor mediedekning.

No har statsadvokaten i Oslo teke ut ny tiltale for to seksuelle overgrep mot gutar på 80- og 90-talet.

Ein av gutane var også fornærma i saka frå 90-talet.

Saka skal opp i Oslo tingrett i juni.

– Saka er veldig alvorleg. Det viser strafferamma på fengsel i 21 år, seier statsadvokat Tonje Tønder.

Paul Inge Angelshaug

FORSVARAR: Paul-Inge Angelshaug seier vestlendingen stiller seg uforståande til tiltalen som er teken ut mot han.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Ifølgje tiltalen vart den eine guten utsett for overgrep over åtte år. Han var tre år då overgrepa starta.

Den andre guten var åtte år då overgrepa starta.

– Han erkjenner ikkje straffskuld etter tiltalen, seier forsvararen til mannen, Paul-Inge Angelshaug.

Etterforska for fleire overgrep

Advokat Silje Bredesen melde saka på vegner av sin klient for fire år sidan.

– Seksuelle overgrep er vanskeleg tematikk. Ein kjenner ofte på skam, og prøver å fortrenge det ein har opplevd. Det sit veldig langt inne hos overgrepsutsette å melde, særskilt hos menn, seier ho.

Advokat Silje Bredesen

PREGA: Advokat Silje Bredesen seier klienten hennar er prega av overgrepa som skjedde på 90-talet.

Foto: Advokatfirmaet Bredesen

Det har ikkje lukkast NRK å få kommentar frå den andre bistandsadvokaten.

Ytterlegare ein person melde mannen, men både denne og andre overgrep politiet meiner å ha avdekka under etterforskinga er lagde vekk.

Forholda i tiltalen har strafferamme på 21 år. Då er fristen for forelding er 25 år frå dagen det straffbare forholdet slutta.

– Dei andre sakene har strafferamme på ti år, og er i dag forelda, seier Tønder.

100 born på overnatting

Saka på 90-talet starta då ein fotograf på Vestlandet fann nakenbilete av unge gutar blant bileta han framkalla for den då ustraffa mannen.

Heime hos vestlendingen fann politiet ytterlegare fleire hundre bilete av nakne gutar.

Mannen fekk kontakt med gutane gjennom organisasjonsliv og sitt dåverande arbeid. Både born og vaksne viste han stor tillit. Ifølgje eiga forklaring overnatta nær 100 born hos han.

Tingretten var ikkje nådig då dei dømde han for lukka dører:

Tiltalte har misbrukt den tillit han har hatt blant barn og foreldre til å forgå seg mot barna og til å ta utuktige bilder av dem.

Oslo tingrett

– Umenneskeleg ventetid

Fleire born var inne til avhøyr på 90-talet. Tønder kjenner ikkje etterforskinga i detalj, men meiner det ikkje er unaturleg at overgrep kan ha gått under radaren.

Statsadvokat Tonje Tønder

POLITIADVOKAT: – Ein har ikkje dei detaljar eller kan finne spor på same måte i 30 år gamle saker, som i nyare saker. Historiene blir sett opp mot andre ting i saka. Til slutt går det på truverdet, seier Tonje Tønder.

Foto: Per Håkon Solberg / NRK

– Det kan vere vanskeleg å fortelje, og det kan ta tid før ein vågar å seie noko, seier statsadvokaten.

Advokat Bredesen seier politiet var raske til å ta tak i saka for fire år sidan, men at etterforskinga har gått sakte.

– Ventetida har vore ei enorm belastning for alle involverte. Det har vore mest umenneskeleg for min klient, seier Bredesen.

Fleire politidistrikt har medverka i etterforskinga, og det har vore fleire byte av etterforskarar og politiadvokatar.

Den tiltalte bur no på Vestlandet. Då politiet oppsøkte han på ny, fann dei over 1.500 unike bilete og sju korte overgrepsvideoar av born.