Hopp til innhold

– Skal tenkja nøye over kva eg vil

Ho tok den einaste norske gullmedaljen i Paralympics. No tenkjer Mariann Vestbøstad Marthinsen på om ho skal legga opp.

Mariann Vestbøstad Marthinsen vurderer å gje seg som toppidrettsutøvar.

HEIME IGJEN: Mariann Vestbøstad Marthinsen (29) kom heim til Bergen seint i går kveld.

Mariann Vestbøstad Marthinsen

TENKJER PÅ FRAMTIDA: Mariann Vestbøstad Marthinsen frå Fitjar og Bergen skal bruka dei neste vekene til å tenkja på om ho skal satsa vidare på toppidretten.

Foto: Anne R. Kroken

29-åringen kom tilbake til Flesland i Bergen seint i går kveld, og blei møtt av ein stor heiagjeng.

Familie og vener både frå Fitjar og Bergen stilte opp, sjølv om det nærma seg midnatt før flyet landa.

Blomster og flagg

– Det var både blomster og norske flagg. Eg er kjempetakknemleg for den flotte mottakinga, seier ho til NRK.

Men det kan vera siste gongen ho kjem heim med medaljar i kofferten. Etter elleve år som toppidrettsutøvar vurderer ho å legga opp.

– Eg skal bruka dei neste vekene til å tenkja nøye over kva eg vil. Vi får sjå kva det endar opp med, seier Vestbøstad Marthinsen.

Ho tok gull i langrennssprinten under Paralympics i Sotjsi. I tillegg fekk ho med seg ein bronse frå stafetten.

Måtte ploga til mål

På 5-kilometeren blei den eine skia på kjelken hennar bøygd. Dette førte til at skia blei ståande i vinkel, slik at ho måtte ploga nesten heile vegen inn til må.

Gullvinnaren frå Sotsji trenar mellom 15 og 20 timar i veka.

– Det er mykje, men det må til for å hevda seg, seier ho.

LES OGSÅ: Hun blir flaggbærer i Paralympics | Mariann kan ta medalje både sommer og vinter | Her er Norges medaljehåp i Paralympics

Intervju med Mariann Vestbøstad Marthinsen. Hun vant gull på sprinten i Paralympics. Reporter: Ole Rolfsrud.