Hopp til innhold

«Gullavtale» kan gjere vindkraft meir attraktivt

Miljøorganisasjon føreslår raskare utbetaling for å stimulere til meir kraftutbygging.

Guleslettene vindpark ved Florø.

INNTEKTSKJELDE: Bremanger ligg i dag på toppen av kommunar som tener best på vindkraft.

Foto: NTB

Med eit aukande energibehov, risikerer Noreg innan få år å bruke meir straum enn det blir produsert.

Det er bakgrunnen for at miljøorganisasjonen Zero foreslår ein «gullavtale» for kommunar som seier ja til vindkraft.

Den føreslåtte avtalen skal sikre vertskommunane inntekter allereie frå godkjend konsesjon.

– Vårt forslag er at kommunane skal få inntekt frå produksjonsavgifta tidlegare, seier dagleg leiar i Zero, Stig Schjølset.

Produksjonsavgifta er ei inntektskjelde til kommunane frå vindkraftutbygging.

Ideen om ein kommunal kraftpakke eller «sign on-fee» er i tråd med oppfordringa til ekspertgruppa «Klimaråd 2025», som neste veke leverer sine råd til forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland.

– Det kan ta opp til ni år før kommunane får inntekter gjennom avgifta. Vi foreslår derfor at delar av desse pengane bør kome på eit tidlegare tidspunkt, forklarar Schjølset.

Les også Slik går det med kraftløftet (spoiler: ikkje så bra)

AURLAND: Vatnet i eit pumpekraftverk vert brukt fleire gonger, omtrent som elektrolytten i et batteri.

– Dei forstår ikkje kommunane

Naturvernforbundet er kritiske til forslaget.

– Eg tenker at dei ikkje forstår kommunane som seier nei. Folk opplever nærnaturen sin som veldig verdifull, seier nestleiar i Naturvernforbundet, Helene Ødven.

Ødven trur ei betre løysing er å legge anlegg i «grå areal».

Nestleiaren skildrar «grå areal» som område der naturen «allereie er øydelagt».

– I all hovudsak blir vindkraft lagt til urørt natur, viktige naturområde og friluftslivsområde. Det øydelegg med støy og lysforureining, fortel Ødven.

Les også Dette er kommunane som seier ja til kraftutbygging

Vindkraftpark i Havøysund.

Bremanger kommune nyt godt av vindkraft

Sjølv det kan gå eit tiår før kommunane får inntekter på vindkraft, er det mange kommunar som tener godt på den fornybare energikjelda.

For første gong la Statistisk sentralbyrå fram tal på kor mykje kommunane tener på vindkraftanlegga sine.

Vil du ha meir vindkraft på land?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Bremanger kommune er blant kommunane som tener best på vindkraft.

Vindkraftverka sikra kommunen inntekter på nær 23 millionar kroner i fjor.

Åfjord kommune hadde dei største inntektene, etterfølgt av Bjerkreim kommune og Vefsn kommune.

Vindkraftverk som produserer mest energi:

Kraftverk

Fylke

Middelprod [GWh]

Tal turbinar

Øyfjellet

Nordland

1 321

72

Storheia

Trøndelag

973

80

Roan

Trøndelag

900

71

Guleslettene

Vestland

712

47

Tonstad

Agder

670

51

Bjerkreim

Rogaland

558

37

Tellenes

Rogaland

550

50

Geitfjellet

Trøndelag

546

43

Skinansfjellet og Gravdal

Rogaland

543

33

Kvitfjell

Troms

541

47

Ekspander/minimer faktaboks

Ei billig kjelde til kraft

– Vindkraft er kontroversielt mange stadar. Det er ikkje tvil om at for mange kommunar inneber vindkraft store ulemper. Utbygging må ha nokre fordelar. Ein god økonomisk kompensasjon kan vere det, seier Schjølset.

Dagleg leiar i ZERO.

Dagleg leiar i Zero, Stig Schølset, er positiv til utbygging av vindkraft på land.

Foto: Nora Hindenes / ZERO

Han peiker på at vindkraft er ein av dei rimelegaste formene for ny kraftproduksjon.

– Både havvind og atomkraft, som inneber energiproduksjon med mykje mindre naturinngrep, er både dyrare og ligg litt lenger fram i tid.

Vi må slutte med å sette prisen på natur til kroner null.

Helene Ødven Nestleiar, Naturvernforbundet

Ødven i Naturvernforbundet er ueinig i at vindkraft er billig å bygge ut.

– Det er billig fordi du ikkje tar med kostnaden med å øydelegge naturen og splitte lokalsamfunn.

– Vi er oppteken av at energi blir spart og effektivisert, sier ho.

Les også Før fekk krafta katedralar – no splitter ho landet

Tyssedal kraftverk

Les også Trøystepremie for kommunane: Foreslår ny avgift på vindkraft

Vindkraftpark i Havøysund.