Hopp til innhold

Tilrår mellombels sjødeponi i Førdefjorden

Nærings- og handelsdepartementet tilrår at Nordic Mining får eit mellombels utsleppsløyve i Førdefjorden. Det får Naturvernforbundet til å sjå raudt.

Steinbrotet i Engebøfjellet

MELLOMBELS: Går Miljøverndepartementet for ei mellombels tilråding, vil det gi Nordic Mining moglegheiter for drift i 15 år.

Foto: Illustrasjon: Nordic mining

Departementet tilrår dermed at Nordic Mining sine reguleringsplanar for Engebø vert godkjende.

Miljøverndepartementet skal etter tilrådingar frå Fiskeri- og kystdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet ta stilling til om innsigelsen frå Fiskeridirektoratet region Vest om konsekvensar for miljø- og ressursgrunnlag for fiskerinæringa, skal takast til følgje.

Eit avgrensa løyve

Nærings- og handelsdepartementet tilrår at dei reguleringsplanar som er vedtekne av innblanda kommunar, no vert godkjende, og at det i første omgang vert gitt eit avgrensa utsleppsløyve basert på deponi opp til -220 meter, der risiko for spreiing av partiklar vert vurdert som lågast.

Det vil gi Nordic Mining moglegheiter for drift i 15 år. Samtidig kan ein då ta til med den innhentinga av kunnskap som Klima- og forureiningsdirektoratet har etterspurt, straks.

(Artikkelen held fram under TV-innslaget)

Video Engebø utsett

Engebø utsett

– Eit viktig signal

I ei pressemelding kjem det fram at Norsk Bergindustri meiner dette er ei god løysing som gjev bedrifta forutsigbarheit i lang tid.

– Ei slik løysing vil vere eit signal om at regjeringa meiner alvor med planen om ein strategi for å stimulere til auka aktivitet i bergindustrien, seier generalsekretær Elisabeth Gammelsæter i Norsk Bergindustri.

Nordic Mining har heile tida halde fast på at eit sjødeponi er den beste måten å lagre lverskotsmineralar på. I desember sa administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar S. Fossum, til Teknisk Ukeblad at pumping av overskotsmineral over lange avstandar vil vere så kostbart at det kan slå beina under prosjektet.

Har møtt sterk motstand

Motstanden mot fjorddeponi har vore massiv, ikkje minst lokalt. I midten av marsk tilrådde Klima- og forureiningsdirektoratet og Direktoratet for Naturforvaltning at ein utreiar naturkonsekvensane ytterlegare før ein godkjenner ei slik deponiløysing.

Mellom anna vart det peika på at ein ikkje kjenner godt nok til korleis massane blir spreidde i fjorden, grunna havstraumar, samt kva slags innverknad kjemikaliane frå gruva kan ha å seie for livet i fjorden.

Naturvernforbundet reagerer

Ifølgje Teknisk Ukeblad er leiar i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken, oppført over tilrådinga frå Nærings- og handelsdepartementet.

– Eg tykkjer det er skremmande dersom dette skal vere NHDs haldning i høve framtidig gruvedrift i Norge, seier Haltbrekken til bladet.

– Det er skremmande å ha ei så lettvint haldning til miljøspørsmål og dei klare faglege innvendingane som har komme frå Havforskningsinstituttet og Kyst- og fiskeridirektoratet, seier han.

Administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar S. Fossum, er glad for tilrådinga.

– Det er ei tilråding, ikkje ei godkjenning. Men, vi tykkjer det er veldig positivt at dei kjem med det. Vi håpar dette kan føre til ein god diskusjon med dei andre interessentane på miljø- og fiskerisida, seier Fossum til bladet.