Gründerar skal ha betalt kamerat ein million for å få oppdrag for Ewos

Ein million i kontantar, gratis guteturar og dekka utgifter til luksusbåtar. Det er noko av det ein tidlegare sjef i fiskefôrgiganten Ewos må svare for når han møter i retten saman med to gründerar frå Vestlandet.

Galeon 390

DEKKA UTGIFTER: Dei to gründerane skal mellom anna ha dekka utgifter til kalesje og trekk til ein båt av denne typen, ein polsk Galeon 390.

Foto: Produsenten

Det er ein svært omfattande tiltale og ein fellande dom frå tingretten som møter dei to gründerane og bedriftseigarane når dei møter i Frostating lagmannsrett måndag.

Der skal dei saman med den tidlegare logistikksjefen i Ewos svare på aktor sine spørsmål i ei heilt spesiell ankesak.

Ingen av dei tre tiltalte erkjenner straffskuld. Korkje dei tiltalte eller advokatane deira ønskjer å kommentere saka overfor NRK.

Ifølgje tiltalen og dommen frå tingretten skal dei tre ha drive korrupsjon i ein slik skala at ein sjeldan har sett liknande i Noreg.

Reiste på gutetur saman

  • Bedriftseigaren frå Sunnfjord skal mellom anna ha bestukke den tidlegare Ewos-toppen med i alt 1,6 millionar kroner
  • Av det skal han ha fått 990.000 kroner i kontantar
  • Den andre bedriftseigaren og gründeren skal ha brukt om lag 800.000 kroner på å gje Ewos-sjefen ulovlege fordelar
  • Dei tre reiste på mange utanlandsturar saman, der dei to næringslivsleiarane skal ha betalt mykje av utgiftene til logistikksjefen. «Tour de Boys» til København var ein av turane.
  • Frå 2003 til 2015 skal den tidlegare Ewos-toppen ha motteke fordelar i form av kontantar, dekning av kostnader med fritidsbåtar og flybillettar

Då saka blei behandla i tingretten blei Ewos-sjefen dømd til fengsel i fire år, sunnfjordingen til fengsel i tre og eit halvt år og hordalendingen i to år.

Verksemda Ewos er ikkje part i saka, og kommunikasjonssjef Hanne Dankertsen har tidlegare presisert til NRK at dei er utsett for ein utru tenar. Parallelt med etterforskinga til Økokrim avdekka interne undersøkingar at den tidlegare leiaren ikkje følgde Ewos sine interne retningsliner.

– Uetisk framferd eller ulovlege handlingar er heilt uakseptabelt, uansett om det er våre tilsette eller samarbeidspartnarar, sa ho til NRK for eit år sidan då tiltalen blei kjend.

– Omfattande og grov

Førstestatsadvokat Elisabeth Harbo-Lervik viser til at den tidlegare Ewos-sjefen har teke imot og til dels også kravd utilbørlege fordelar frå dei to gründerane.

– Korrupsjonen har gått føre seg i tidsrommet 2003 til 2015 og har vore omfattande og grov, seier ho.

Det er kalla inn over 30 vitne og sett av sju veker til saka.

Korrupssjonssaka

Ein trønder, ein sunnfjording og ein mann busett i Hordaland vart alle dømde til fengsel i tingretten. Våre 2019 gjekk ankesaka i lagmannsretten i Trondheim.

  • Slutten av 1990-talet
    Samarbeidet startar

    Samarbeidet mellom Ewos og gründerbedrifta frå Sunnfjord startar. Dei blir raskt ein av fiskefôrprodusenten sine største leverandørar.

  • Tidleg på 2000-talet
    Dei tiltalde blir vener

    Den dåverande logistikksjefen i Ewos utviklar eit nært vennskap med dei to grûnderane. Dei dreg på guteturar saman og er i kvarandre sine familieselskap.

  • 2004
    Kjøper leiligheit saman

    I 2004 kjøper dei tre tiltalte ei leiligheit saman i Aloe i Spania. Ewos-sjefen har i lengre tid drive med eigedomsinvesteringar i det solfylte landet.

  • 15.september 2010
    Felles selskap blir skipa

    Det tette samarbeidet mellom gründerane og Ewos resulterer i eit nytt selskap. Ewos eig 40 prosent, dei andre resten.

  • Mars 2015
    Finn ein halv million i kontantar

    I samband med etterforsking av Ewos på grunn av mistanke om mangelfull innbetaling av avgift, blir logistikksjefen sin private bustad ransaka. I eit skrin i ein safe finn politiet ein halv million kroner i kontantar.

  • 8. juli 2015
    Ewos ilagt førelegg

    Ewos blir ilagt ei bot på 9,9 millionar kroner for manglande betaling av avgifter.

  • Mai 2015
    Sikta for grov korrupsjon

    Funnet av det store pengebeløpet heime hos Ewos-sjefen avdekker mistanke om grov korrupsjon. Dei tre kamaratane blir sikta og seinare tiltalte for grov korrupsjon.

  • 31. august 2018
    Blir dømde til fengsel

    Tingretten dømmer dei tre til fengsel utan vilkår og meiner at dei er skuldige etter den omfattande tiltalen. Alle tre ankar.

  • 21. januar 2019
    Ny rettssak

    Ankesaka startar i Frostating lagmannsrett. Det er kalla inn over 30 vitne og det er sett av sju veker til saka.

  • 11. april 2019
    Dom

    Ein mann i 60 åra frå Trøndelag og ein sunnfjording i 50-åra er vart dømde til fengsel for grov korrupsjon. Den tredje, ein hordalending, vart frikjend.