Hopp til innhold

Skal vere stole gullvarer og klokker for mange hundretusen kroner

Tjuvar har i løpet av natt til onsdag teke seg inn på Handelshuset i Førde. Det skal vere stole varer frå gullsmedforretningen Bjørklund for fleire hundre tusen kroner.

Created by InfoDispatcher

UNDERSØKJER: Politiet er på staden for å undersøkje kor tjuvane kom seg inn. Foto: Marie Stafsnes Osland

– Det er stole gull og klokker for fleire hundretusen kroner frå gullsmed og urmakar Bjørklund i Handelshuset i Førde, stadfestar operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Einar Vereide til NRK.no.

Han legg til at det verkar som om tjuvane medvite har gått etter dei mest verdfulle varene i butikken.

Tjuveriet vart oppdaga då tilsette kom på jobb i morgontimane torsdag. Det er førebels uklart nøyaktig når innbrotet skjedde.

Det er grunn til å tru at tjuvane skal ha slege seg gjennom veggen mellom frisørsalongen Nikita og gullsmedforretningen Bjørklund, for å komme seg inn, men dette er ikkje stadfesta.

Kan ha gøymt seg i bygget

– Det er ting som tyder på at tjuvane kan ha teke seg inn allereie tysdag ettermiddag, og at dei har gøymt seg i bygningen, seier Vereide.

Politiet fekk i går melding om ei knust rute på Handelshuset, men då såg ikkje politiet noko meir som tyda på innbrot.

– Men vi ser desse hendingane i samanheng, seier Vereide.

(Artikkelen held fram under biletet)

Politi ved Nikita

UNDERSØKJER: Politiet er på staden for å sikre eventuelle bevis. Her er dei utanfor frisørsalongen Nikita. Gullsmed Bjørklund ligg til venstre for frisørsalongen.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Vil ha tips

Politiet er i 10.40-tida på plass på åstaden for å gjere undersøkingar. Området rundt frisørsalongen Nikita, som ligg veggivegg med Bjørklund, er også sperra av.

Det er førebels uklart om noko er stole herifrå, eller om tjuvane kan ha komme seg inn via nabobutikken.

– Vi er svært interesserte i tips frå publikum som kan ha sett eller høyrt noko i det aktuelle området i går og i natt, seier Vereide.

Politiet på Sunnmøre vil ha tips

I februar vart det stole millionverdiar frå ein gullsmedbutikk i Ørsta på Sunnmøre. Innbrotet var gjort på profesjonelt vis, og har vorte sett i samanheng med ei rekkje store tjuveri frå norske gullsmedar.

Like etter at innbrotet i Førde vart kjent, sende Sunnmøre politidistrikt ut melding på nettsamfunnet Twitter der dei ber publikum vere ekstra observante når det gjeld tjuveri frå urmakar, gullsmed og optikar.

Dei kjem med meldinga på bakgrunn av dei mange tjuveria, og ønskjer observasjonar på telefon 02800.