Chattesida Blink. Arkivfoto NRK
Skulen blei først klar over kva som føregjekk på chattesida Blink då ein elev fortalde om det til ein av lærarane. - Namngitte elevar var hengde ut med sjikanerande meldingar om seksuell legning, seier Rambøl. Sjølv om dette i stor grad har skjedd utanfor skuletida, var han ikkje i tvil om at dette var ei sak skulen måtte gripe fatt i.
- Når dei omtalar kvarandre på ein slik grotesk måte, går det ut over skulemiljøet, seier rektoren.
- Skremde foreldre
Sonja Jensona, som er leiar for foreldrenes arbeidsutval, seier ho vart skremd då ho fekk høyre om det som har skjedd.
Politiet kopla inn
Skulen har har alt gripe fatt i problemet og har teke det opp med elevane. Alt same dagen som dei vart klare over det som føregjekk på den omtalte chattesida, inviterte dei også lensmannen i Jølster til skulen for å snakke med elevane om konsekvensane av å henge kvarandre ut på denne måten. - Vi gav klar beskjed om at dette er heilt uakseptabelt, seier rektor Sten Uno Rambøl.