Hopp til innhold

Dette tente ordførarane i fjor

Olve Grotle (H) rekna med eit kraftig lønnskutt då han tok over som ordførar i Førde. Den skilnaden viser ikkje att i skattelistene for 2011.

Olve Grotle på opning av det nye bygget til Sogn og Fjordane kunstmuseum

ADEL: Førde-ordførar Olve Grotle (H) tente best av alle ordførarane i fylket i fjor.

Foto: Alf Vidar Snæland

Som advokat tente Førde-ordføraren 1,36 millionar kroner i 2010. Denne summen var i fjor minska til 1,3 millionar kroner, men gir han likevel plasserer han på inntektstoppen av ordførarane.

Grotle er også den av ordførarane som betalte mest skatt, og klatra etter fjoråret også til topps på formuetoppen blant ordførarane i fylket.

Grotle er registrert med to firma i Førde. Advokatverksemda enda ifølgje Purhelp.no fjor med eit resultat på 675.000 kroner før skatt.

Jan Geir Solheim (Sp) og Jarle Aarvoll (Ap) i Lærdal og Sogndal følgjer på dei neste plassane på inntektstoppen. Solheim eig ein fjerdedel av Postaabneriet Pub & Cafe AS

Nedst på lista finn ein ordførarane i nabokommunane Gulen og Solund, høvesvis Halvard Oppedal (Sp) og Ole Gunnar Krakhellen (H).

Krakhellen vart tidenes yngste ordførare i fylket då han i september tok over klubba i Solund.

Dette tente ordførarane i 2011

Namn

Fødd

Inntekt

Formue

Skatt

Kommune

Olve Grotle (H)

1964

1302847

1734542

495135

Førde

Jan Geir Solheim (Sp)

1965

969119

1600270

435613

Lærdal

Jarle Aarvoll (Ap)

1958

878815

1394854

292739

Sogndal

Mathias Råheim (H)

1951

743452

1067362

305244

Gaular

Bengt Solheim-Olsen (H)

1968

682949

1274572

272296

Flora

Arild Ingar Lægreid (Ap)

1949

665990

0

258591

Årdal

Alfred Bjørlo (V)

1972

643257

0

259906

Eid

Ivar Kvalen (Sp)

1972

607016

0

245918

Luster

Olav Lunden (Ap)

1955

606890

1349607

235883

Leikanger

Petter Sortland (Ap)

1961

586085

841847

242858

Høyanger

Håkon Martin Myrvang (Ap)

1953

533033

1533932

193325

Naustdal

Morten Andreas Hagen (H)

1970

523247

0

205558

Vågsøy

Noralv Distad (H)

1957

523010

1520243

199065

Aurland

Ottar Nygård (Tp)

1951

521387

846773

195695

Selje

Marta Finden Halset (Ap)

1950

513264

526712

190112

Vik

Arve Helle (Ap)

1971

502039

0

203462

Fjaler

Karl Vidar Førde (Sp)

1972

486226

0

180365

Bremanger

Frida Melvær (H)

1971

480968

0

176419

Askvoll

Anders Ryssdal (Sp)

1953

449985

606315

179687

Gloppen

Oddmund Klakegg (Sp)

1969

409611

0

150707

Jølster

Harald Norvald Offerdal (Ap)

1956

385116

0

130531

Balestrand

Anne-Britt Øen Nygård (Sp)

1964

379239

71528

131463

Hornindal

Sven Flo (H)

1963

375014

0

158031

Stryn

Jan Olav Gjerde (Ap)

1958

292706

0

93951

Hyllestad

Hallvard Hallstein Oppedal (Sp)

1956

280270

788442

99177

Gulen

Ole Gunnar Krakhellen (H)

1986

184608

0

65156

Solund

Ekspander/minimer faktaboks