Hopp til innhold

– Skattelistene er ikkje til å lite på

I dag kan ein igjen sjå kva naboar, kjendisar og andre hadde i skattbar inntekt og formue i fjor.


Skattelistene for inntektsåret 2010

TULL OG TØYS: Mange får tilfredsstilt nysgjerrigheita når skattelistene blir lagt fram i dag.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Mange får tilfredsstilt nysgjerrigheita si og nettavisene bognar over med alle slags moglege saker av kven som tente mest av kjendisar, næringslivstoppar og idrettsprofilar.

Men ifølgje tidlegare revisor John Helge Lunde, er skattelistene i mange tilfelle berre tull.

– Har du to millionar kroner i banken, og det er alt du eig, så står du oppført med ei formue på to millionar. Har eg eit hus verd tre millionar, og har ein million i gjeld, så har eg ei negativ formue eller null i formue. Begge skjønar at vi er like rike begge to, seier han.

Meiningslaus formuestopp

Lunde var i mange år revisor i PricewaterhouseCoopers. I dag er han investor og eigar, samt dagleg leiar, i Gravdal-gruppa i Førde. I mange år har han vore mellom fleire kritiske røyster til offentleggjering av skattelistene.

Mellom anna av di formuetala i skattelistene seier null og niks om kor rike folk faktisk er.

– Det er nesten heilt meiningslaust å sjå på. Det gjeld for folk flest, og for rikfolk, seier han.

Næringslivstoppar

I tillegg til at formuetala blir feil for dei aller fleste, er også dei reelle inntektstala feil på svært mange.

Spesielt dei profilerte næringslivstoppane som media gjerne tek tak i, seier han.

– Personar som driv næringsverksemd, så er inntektene avhengige av om dei hentar inntektene gjennom personlege verksemder eller om dei har verksemda si i eit aksjeselskap. Då kan ein vesentleg del av overskotet liggje att i aksjeselskapet og ei ordinær løn teken ut, seier han.

Blir ikkje klokare

Sidan det ofte er vanskeleg å finne reell inntekt, ettersom alle «inntektene» ikkje er rekna med, blir det igjen tilnærma umogleg å slå fast reell formue.

– Ein del opererer med store inntekter gjennom utbyte, medan andre har null. Det seier lite om kva dei verkeleg tener, legg Lunde til.

Unntaket er vanlege lønsmottakarar.

– Når det gjeld folk flest, ordinære lønsmottakarar, så er dette rimeleg påliteleg, seier Lunde.

– Blir vi i det heile teke noko klokare på skattelistene?

– Nei, men vi får tilfredsstilt nysgjerrigheita.