Hopp til innhold

Grønt lys for å bruka gamle fylkesnamn

Meldinga frå Språkrådet er klar: Du kan framleis bruka dei gamle fylkesnamna om du skal forklara eit geografisk område.

Tatovering av Sogn og fjordane-kartet.

EVIG MINNE OM FJORDFYLKET: Nokon gjekk lenger enn andre for å foreviga Sogn og Fjordane fylke.

Foto: PRIVAT

Frå 1. januar er det 11 fylke i Noreg. Og mange har nok kjent litt på at ein ikkje lenger er frå eller bur i det som har vore heimfylket. I alle fall på papiret.

Men for alle dei kjem Språkrådet som ein reddande engel med svaret på spørsmålet om ein framleis kan bruka dei gamle fylkesnamna.

Daniel Gusfre Ims, seksjonssjef i Språkrådet

REDDANDE SPRÅKENGEL: Daniel Ims, seksjonsleiar i Språkrådet.

Foto: Moment Studio

– I utgangspunktet kan du det. Ikkje som fylkesnamn, men som områdenamn, seier Daniel Ims, seksjonsleiar i Språkrådet.

Det var Trønder-Avisa som først skreiv om saka.

– Står sterkt i fleire generasjonar framover

I Sogn og Fjordane er det nok mange som har kjent på ei lita identitetskrise.

Ronny Brede Aase, mest kjend frå P3 Morgen på NRK P3, er ein av dei. Hans tidlegare heimkommune Førde er no blitt Sunnfjord kommune, som ligg i regionen Sunnfjord. Heimfylket Sogn og Fjordane er blitt Vestland.

Ronny Brede Aase

RADIOPROFIL: Ronny Brede Aase har vore programleiar for P3 Morgen i ei årrekke. Før jul hadde han si siste sending.

Foto: Jonas Tomter/NRK

– Om nokon spør kvar eg kjem frå, så må eg nok gå runden der eg først seier at «eg kjem frå Sogn og Fjordane, eller, no heiter det Vestland ...» og så har me det gåande, seier Brede Aase.

– Eg trur eg at eg kjem til å halda på Sogn og Fjordane-namnet litt lenger. Vestland er for stort. Det blir i alle fall eit par generasjonar der Sogn og Fjordane-namnet står sterkt, seier radioprofilen.

«Sogn og Fjordane for alltid»

– Eg trur folk kjem til å bruka dei gamle namna uansett, og spesielt her i Sogn og Fjordane, seier Marie von Hirsch.

Ho er frå Bergen, men har flytta til Sogndal.

– Eg bur i Sogndal i Sogn og Fjordane. Det kjem eg alltid til å gjera. Vestland får heller berre vera ...

Marie von Hirsch

BERGENSAR I SOGN: Marie von Hirsch bur framleis i Sogn og Fjordane.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Snur mot å bruka region-namna

Ims i Språkrådet trur likevel at for Sogn og Fjordane sin del, så er det færre samanhengar det blir naturleg å bruka det gamle fylkesnamnet.

– For Sogn og Fjordane sin del er det likevel slik at sidan det gamle fylkesnamnet bestod at fleire områdenamn, er det kanskje færre samanhengar det blir naturleg å bruka Sogn og Fjordane. Men det er fullt mogleg å bruka, fortel han.

Det er vanskeleg å spå korleis ting blir i framtida, men Ims trur at det kanskje blir meir naturleg å avgrensa området ein snakkar om til dei litt mindre regionane.

– Me har jo hatt namn på område på nivået under fylket, som Sogn, Sunnfjord, Hardanger og slikt. Det kan godt hende folk heller kjem til å bruka namna på dei regionane, seier Ims.